tirsdag 4. september 2012

Hausthei

Hei, kjære menneske.
Høyrer de meg?
Står mikrofonen på?

Eg har vore på tre kinoar i løpet av åtte dagar og eg har kyssa kjærasten min fleire gonger enn eg har tal på.

Eg har sett to teaterframsyningar på fire dagar og eg har drukke koffeinfri latte med soyamjølk fordi eg kunne. Smaken var som å dra tilbake i tid og vere i Bremen igjen i 30 varmegrader med ei jordbærkorg frå torget og lange spaserturar framfor oss.

Det regnar i Bergen igjen og himmelen er svart, så eg drikk kakao, drikk te, drikk vatn, et soyayoghurt, les pensum, høyrer på musikk, drøymer om finingen min når eg er vaken, drøymer om tortur når eg søv og vaknar med tårer i auga, går på seminar, går på førelesing, går på kafé, går på kjøpesenter, går i gater, på vegar, langs fortau, på murkanten, over brua, opp trappene, inn i hjartet ditt.

Det er haust.

Fargane er sterkare no.
Kjenslene er sterkare no.
Tårene kjem oftare no.
Men det går litt betre når eg er elska.

tirsdag 28. august 2012

Etter isslott og kapplaup gjennom skogen

Skulle eg ha starta på skulen no ville eg hatt ein lilla sekk med fuglar på og eit viskelêr som var større enn handa mi, men bøkene skulle hatt gråpapir på fordi då kunne eg ha teikna på dei i midttimen medan eg åt og i blant gløtta opp for å sjå på dei andre i klassen forme band som kom til å vare livet ut.

Ein snørik morgon skulle ein ny elev ha byrja i klassen. Han ville fått den ledige pulten ved sida av meg og i midttimen skulle me ha site side om side og teikna til blyantstrekane våre kom saman og danna ei teikning som vaks seg større enn klasserommet, nesten like stor som ideane og teoriane me seinare ville ha funne på i lag, under det store treet der me låg og bles løvetannfrø utover leikeplassen.

Nokre år seinare - etter isslott og kapplaup gjennom skogen - kom me til å flytte til kvar vår kant av verda, men alt var verdt det for dei dagane då eg hadde ein lilla sekk med fuglar på, eit viskelêr større enn handa mi og tankar om å redde verda.

mandag 27. august 2012

Tårer og blekk

Noko av det mest interessante eg skriv, det som er mest kjenslelada og mest rørande, kjem når eg sjølv har det vondt og blekket frå pennen blandar seg med tårene som fell frå andletet mitt. Eg har vore einsam i dag, sjølv om det berre er ein dag sidan kjærasten heldt rundt meg med heile kroppen, så eg sov lenge fordi eg såg ingen grunn til å stå opp, laga meg god mat og såg fram til ein roleg søndag der eg skulle kvile hovudet og kjenslene som flaug rundt. Naboen, derimot, hadde andre planar. Så etter ein time eller to med lyden av naboen som øvde seg på å spele trommer gjennom veggen, gjekk eg til sentrum og såg The Dark Knight Rises, åleine, men saman med mange. Eg har blanda kjensler om kva eg synest om filmar som gjer meg redd sjølv etter eg har gått ut av kinobygget, det er nok noko med tanken om kor mykje vondt som finst i menneske som eg vert så inderleg trist av å tenkje på, så sjølv om eg bur i Bergen og ikkje Gotham så tok eg likevel bussen heim sidan klokka tikka mot midnatt.

No sit eg på kontorstolen min og har nye tårer som fell frå andletet mitt utan at eg heilt veit kvifor, men det er ok. Eg skal prøve å skrive litt og når eg til slutt legg meg i ei seng som igjen er enkel og ikkje dobbel, så skal eg tenkje at bømlingen min held rundt meg med heile kroppen fordi han sa han skulle tenkje det same, og kanskje tanken i seg sjølv er sterk nok til å få tårene til å slutte slik at eg kan sovne med eit smil om munnen, som om han låg ved sida av meg.

mandag 20. august 2012

Velkomen heim

Det følest som om heile denne dagen har vore Bergen sin måte å seie "Velkomen heim, Birte!" på:

♥ Infomøte på Sydneshaugen der eg såg velkjente andlete og smilte til både medstudentar og førelesarar medan eg snikåt på salat frå SiB-kantina (og dei hadde dei gode potetbåtane!)

♥ Pensumhandel på Studia, fekk kjøpt alt eg trong på éin gong

♥ Brannalarmen gjekk av på studentbustaden (hadde du budd her, hadde du skjønt det)

♥ Carte Blanche-framsyning på Studio Bergen i lag med dei fine teaterfolka mine, og mange klemmar

♥ Regn

lørdag 18. august 2012

Masternerver

Om nokre dagar har eg byrja på mastergraden min, ganske forsiktig, eit infomøte og ei førelesing fyrste veka og forhåpentlegvis kjærastebesøk som kjem til å vere godt, er alltid godt, og kanskje særleg om hjernen min er overvelda over alt som kjem til å skje i løpet av dei neste to åra mine ved UiB.

Har klump i magen, men eit lukkeleg hjarte og ein stad å bu, same stad som eg har budd dei siste tre åra, og det er så inderleg fint å ha ein grunn til å gjere senga dobbel.

Frå og med 2008 har eg jobba gjennom heile sommarferien, har nesten ikkje hatt ferie i den tradisjonelle forstanden, har stått opp tidleg og blant anna vaska golv, jobba på kontor, selt dagspass og t-skjorter til fulle folk, ekspedert og hjelpt forvirra matbutikkunder, guida turistar og lokale rundt i gamle hus og passa på at fancy filmmenneske har kome seg der dei skulle. I år fekk eg ikkje noko napp, så eg har hatt ein kjærastesommar, ein av dei beste sommartypane ein kan ha, men det fører til at eg ikkje har så mykje å rapportere. Og kanskje det er like greitt?


Sommarrapport anno 2012:

Hei,
eg heiter Birte Valkyrje.
Eg elskar kjærasten min og han elskar meg.
Eg har det fint.
Eg er nervøs for å byrje på masterstudium, men eg pustar inn og ut.
Eg er her framleis.