tirsdag 28. august 2012

Etter isslott og kapplaup gjennom skogen

Skulle eg ha starta på skulen no ville eg hatt ein lilla sekk med fuglar på og eit viskelêr som var større enn handa mi, men bøkene skulle hatt gråpapir på fordi då kunne eg ha teikna på dei i midttimen medan eg åt og i blant gløtta opp for å sjå på dei andre i klassen forme band som kom til å vare livet ut.

Ein snørik morgon skulle ein ny elev ha byrja i klassen. Han ville fått den ledige pulten ved sida av meg og i midttimen skulle me ha site side om side og teikna til blyantstrekane våre kom saman og danna ei teikning som vaks seg større enn klasserommet, nesten like stor som ideane og teoriane me seinare ville ha funne på i lag, under det store treet der me låg og bles løvetannfrø utover leikeplassen.

Nokre år seinare - etter isslott og kapplaup gjennom skogen - kom me til å flytte til kvar vår kant av verda, men alt var verdt det for dei dagane då eg hadde ein lilla sekk med fuglar på, eit viskelêr større enn handa mi og tankar om å redde verda.

2 kommentarer:

  1. Elskar denne vesle, store teksten! Du skriv så fint og bra. (Og så liker eg det faktum at sjølv om eg ikkje har lilla fuglesekk og stort viskelær, har eg gråpapir på bøkene og både pennar og blyantar i sekken. Det må vel vere lov å drøyme? Uansett gjer eg det litt no.)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, kjære deg! (Det er alltid lov å drøyme! Eg har pennar og blyantar, men det er ingen lilla sekk eller stort viskelêr her heller, det var inspirasjonsmoment frå ein handletur eg hadde på laurdag.)

      Slett