lørdag 18. august 2012

Masternerver

Om nokre dagar har eg byrja på mastergraden min, ganske forsiktig, eit infomøte og ei førelesing fyrste veka og forhåpentlegvis kjærastebesøk som kjem til å vere godt, er alltid godt, og kanskje særleg om hjernen min er overvelda over alt som kjem til å skje i løpet av dei neste to åra mine ved UiB.

Har klump i magen, men eit lukkeleg hjarte og ein stad å bu, same stad som eg har budd dei siste tre åra, og det er så inderleg fint å ha ein grunn til å gjere senga dobbel.

Frå og med 2008 har eg jobba gjennom heile sommarferien, har nesten ikkje hatt ferie i den tradisjonelle forstanden, har stått opp tidleg og blant anna vaska golv, jobba på kontor, selt dagspass og t-skjorter til fulle folk, ekspedert og hjelpt forvirra matbutikkunder, guida turistar og lokale rundt i gamle hus og passa på at fancy filmmenneske har kome seg der dei skulle. I år fekk eg ikkje noko napp, så eg har hatt ein kjærastesommar, ein av dei beste sommartypane ein kan ha, men det fører til at eg ikkje har så mykje å rapportere. Og kanskje det er like greitt?


Sommarrapport anno 2012:

Hei,
eg heiter Birte Valkyrje.
Eg elskar kjærasten min og han elskar meg.
Eg har det fint.
Eg er nervøs for å byrje på masterstudium, men eg pustar inn og ut.
Eg er her framleis.

7 kommentarer:

  1. Du klarer det så fint, det er eg sikker på. Så lenge ein pustar ut og inn, og gjentar ved behov (Johan Harstad gir bra levereglar, råd eller motto eller kva eg skal kalle det.) Lykke til, og hjarte.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, kjære deg. Du er fin. <3

      Slett
  2. Lykke til, går nok superbra :D kjærestesommer høres bra ut, jeg vil også ha en sånn. Nå har Paul dratt til Kina begge somrene, tullingen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! <3
      Awh, tullePaul! Vil absolutt anbefale kjærastesommar.

      Slett
  3. Hei, eg heiter Lene og er glad for at du har hatt ein fin sommar og lykke til :D

    SvarSlett