fredag 14. mars 2014

(Snart) Fem år i Bergen

I går fekk eg brev frå SiB der dei minna meg på at leigekontrakten min går ut i juli, før dei lista opp alt eg må ordne før eg kan flytte ut og (forhåpentlegvis) få depositumet mitt tilbake. Det fyrste som slo meg då eg fekk brevet var kor mykje eg gler meg til å flytte frå naboen min og bu saman med han eg elskar.

Sjølv om eg framleis har nokre månadar igjen, tenkte eg å ta ein spasertur ned memory lane og dele nokre glimt frå livet mitt i ei hybelleilegheit i Bergen.

Då eg flytta til Bergen i august 2009 såg leilegheita slik ut (pluss bad og gang).



Me klarte å pakke alt i Jettaen til foreldra mine fordi me skulle handle møblene på IKEA her i Bergen. Så vidt eg hugsar har eg vore med på å byggje alt saman, men pulten fekk nok mest merksemd og det er den eg har tilbrakt mest tid med utanom senga mi.


Golvet mitt har sett fleire puslespel, saman med ei madrass har det gitt sengeplass til fleire veninner og kvar gong eg har rydda vekk tørkestativet mitt har det verka som om leilegheita har vakse.



Senga mi heldt seg enkel fram til eg møtte bømlingen min, me trylla ho om til å verte ei dobbeltseng og klatrar over ho fleire gonger til dagen fordi det er omtrent fem cm mellom senga og kjøkenskapet når ho er i besøksmodus.

Det er ikkje lov å lage hol i veggen, så etter å ha budd her ei stund laga eg ei gruppe på Facebook der eg inviterte venene mine til å sende meg postkort som eg kunne hengje frå lista på den eine langsida av leilegheita. Det går raude trådar mellom alle korta, arka med sitat, bileta og diktet i midten. Øvst i midten heng halvparten av det fyrste kortet eg fekk av elsklingen min, den andre delen står over spegelen min på badet.




Fordi leilegheita er så lita, må eg ha skittentøyskorga i klesskapet. Det er ei ryddig løysing, men eg synest synd på kjolane mine.

Dei fyrste par åra brukte eg ikkje boda mi, eg sjekka ho ikkje ut ein gong, men i løpet av dei siste åra har ho fungert som ein mellomlanding for ting som skal verte med meg vidare, men som eg ikkje treng ha i leilegheita, samt lager for sesongbetonte klede.

Eg har Mummikoppar på tre forskjellige stader her på Vestlandet; i Bergen, heime hjå foreldra mine og heime hjå bømlingen min. Eg gler meg til alle kan samlast på éin stad.


Eg gler meg òg til å kunne samle alle bøkene, CD-ane, DVD-ane og vinylane mine på ein stad, samt å kunne ha platespelaren min og (den fungerande) skrivemaskinen i same rom.





Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere med korta på veggen, eg trur eg skal samle dei i ei Bergeneske saman med breva eg har fått i løpet av åra og korta som har mellomlanda i bokhylla mi.

Vindaugskroken min er ikkje den mest komfortable sitjeplassen i verda, men eg elskar han og har lese fleire (pensum)bøker der enn eg kan hugse.


Plakaten på inngangsdøra mi er frå då eg besøkte NKF og enda opp med å vinne ein iPod. Han er full av sitat frå bøker, filmar og fjernsynsseriar, men det er framleis plass til fleire ord om nokon har gode forslag.


Eg budde her i fire år før eg (vel, bømlingen min) lyfta bort hybelkomfyren og me fann ut at det var plass til stikkontakten på veggen bak komfyren.

Eg budde her i to år før eg skrudde på varmekablane på badet.

Det var i Bergen at eg fyrst møtte Knut Nærum, Liv Ullmann, James Randi, Linda Eide, Anne-Kat. Hærland og Loudon Wainwright III (og mange andre).





Det var i Bergen at eg fyrst såg Antony and the Johnsons, Goran Bregovic, Kaizers Orchestra (og mange andre) live.

Eg har skrive ei bacheloroppgåve her og snart har eg skrive ferdig ei masteroppgåve.


Det var her at eg fyrst fekk besøk av han som skulle verte kjærasten min.


Eg lurer på kor mange fleire esker me treng når eg skal flytte.

onsdag 5. mars 2014

Vår

Silkemjuke kyss,
varme omfamningar,
trygge hender.

tirsdag 18. februar 2014

Å skape ei verd

Om du er skikkeleg heldig, så har du nokon du kan fortape deg i og støtte deg til samtidig, utan at du treng miste deg sjølv. Nokon som ikkje berre elskar deg, men som elskar heile deg. Heile deg. Alt det du ikkje liker ved deg sjølv, alt som gjer deg usikker og redd og trist, alt det andre du elskar, alt du liker, alt du er glad i, alt det rare som du samlar på, alle bøkene, kino- og teaterbillettane og Mummikoppane som smiler til deg når du opner skapdøra i kjøkenkroken.

Om du er skikkeleg heldig, så har du nokon som elskar alt i saman og du elskar alt det som gjer den personen til den han eller ho er.

Eg håper du har nokon du kan skape ei verd med.

onsdag 29. januar 2014

London: 2014 Edition

Tida flyr (som kjent) når ein har det gøy og sidan eg alltid koser meg med bømlingen min, flaug Londonturen forbi som eit ambulansehelikopter i utrykning. Sjølv om det var i overkant mange folk rundt omkring på stadene eg hadde gleda meg til å besøke og dele med han (det var til dømes ikkje plass i restauranten på Waterstones og The Moomin Shop var så full av folk at eg nesten besvimte), så hadde me ein vedunderleg fin tur og her er nokre bilete av det me fann på.

The Moomin Shop hadde fiksa trappeoppgangen sin.



Fordi vinylen bømlingen min ville gi meg i bursdagsgåve aldri kom fram, fekk eg ein 20-pundsetel som skulle gå til ei sjølvvald, forsinka bursdagsgåve. Det var kjempegøy å prøve å få mest mogleg ut av lappen, eg følte meg nesten som ein unge som veit han berre har tjue kroner å bruke på laurdagsgodtet, og eg er kjempenøgd med det eg enda opp med.

På The Moomin Shop fann eg verdas kulaste kakeformer, samt eit kjærleikskort og ein minihatifnatt som eg no har på nøkkelknippet mitt i lag med Hufsa som eg kjøpte for to år sidan i same butikk. På Waterstones kjøpte eg ei ny Joanne Harris-bok og nokre fine Volkswagenbokmerke.


Etter å ha vore i både Camden, Covent Garden og Piccadilly Circus/Regent Street på laurdagen og drukke te og kaffi med to veninner av meg som studerer i London og Oxford, ville me ha ein roleg søndag med museumsbesøk. Me var ikkje akkurat åleine om å ville besøke British Museum ein søndag ettermiddag, men det var utruleg mykje spanande der og sidan begge hadde hatt lyst til å oppleve museet i mange år, føltest det ekstra vedunderleg å gjere det saman.









Museet var enormt og arkitekturen var nydeleg. Eg gjekk i trappene og tenkte på kor mange som må ha gått der sidan dei opna i 1759, eg rørte ved marmoren som var mjuk som silke og eg kyssa kjærasten min så ofte som mogleg.

Søndag kveld var eg dårleg og følte ikkje for å gå på restaurant, trass i at eg var veldig svolten, så me tok turen bort til King's Cross Station for å prøve å finne noko å ete. Det var lettare sagt enn gjort, men me fann i alle fall inngangen til Hogwarts Express.


Måndag morgon kom og me gjekk, tok undergrunn, tok tog, tok fly og tok buss (og båt og bil, i kjærasten sitt tilfelle), og plutseleg var me tilbake i Noreg og kunne ete brødskive til kveldsmat.

For augeblikket prøver eg å stille hjernen min inn på mastermodus igjen og gler meg til å kunne sovne ved sida av kjærleiken min til helga.

fredag 10. januar 2014

Eg kan få det til

Eg saknar menneske eg ikkje har møtt. På veggen heng det bilete av vener eg nesten aldri ser, men som eg framleis er glad i, og om eg hadde hatt moglegheita skulle eg ha invitert alle på ein stor middag, slik som dei gjer på film, men leilegheita mi er berre 18 kvm og eg er ikkje så flink til å vere vertinne, men eg liker å lage mat. Mrs. Dalloway laga festar for å dekke over stilla, men eg liker stilla og eg skjøner ikkje kvifor så mange er redd for ho. Kanskje dei er redd for kva som kjem til å skje når dei er åleine med seg sjølv, slik som kjøpesentra og butikkane må ha det, der dei alle speler kvar sin musikk. Det er forståeleg at dei ikkje vil høyre grashopper, men det treng ikkje alltid vere ein konkurranse. Me treng ikkje alltid å konkurrere med kvarandre, kan me ikkje berre eksistere og gjere vårt beste for å fungere i same verd?

Eg burde leggje puslespel igjen, det er frykteleg lenge sidan sist og det gir meg ei ro som lite anna kan, men eg tør ikkje byrje på noko som kjem til å dra meg bort frå det eg eigentleg skal gjere. Eg har nok distraksjonar i mitt eige hovud, og uansett kor mange tårer som fell og panikkanfall som overveldar meg, så skal eg klare dette. Eg skal klare å skrive denne oppgåva som driv meg til vanvidd, fordi eg har verdas beste støtte i han som elskar meg og det finst eit liv der ute som me skal leve i lag når dei 70+ sidene er fylt ut.

Eg kan få det til.