onsdag 29. januar 2014

London: 2014 Edition

Tida flyr (som kjent) når ein har det gøy og sidan eg alltid koser meg med bømlingen min, flaug Londonturen forbi som eit ambulansehelikopter i utrykning. Sjølv om det var i overkant mange folk rundt omkring på stadene eg hadde gleda meg til å besøke og dele med han (det var til dømes ikkje plass i restauranten på Waterstones og The Moomin Shop var så full av folk at eg nesten besvimte), så hadde me ein vedunderleg fin tur og her er nokre bilete av det me fann på.

The Moomin Shop hadde fiksa trappeoppgangen sin.



Fordi vinylen bømlingen min ville gi meg i bursdagsgåve aldri kom fram, fekk eg ein 20-pundsetel som skulle gå til ei sjølvvald, forsinka bursdagsgåve. Det var kjempegøy å prøve å få mest mogleg ut av lappen, eg følte meg nesten som ein unge som veit han berre har tjue kroner å bruke på laurdagsgodtet, og eg er kjempenøgd med det eg enda opp med.

På The Moomin Shop fann eg verdas kulaste kakeformer, samt eit kjærleikskort og ein minihatifnatt som eg no har på nøkkelknippet mitt i lag med Hufsa som eg kjøpte for to år sidan i same butikk. På Waterstones kjøpte eg ei ny Joanne Harris-bok og nokre fine Volkswagenbokmerke.


Etter å ha vore i både Camden, Covent Garden og Piccadilly Circus/Regent Street på laurdagen og drukke te og kaffi med to veninner av meg som studerer i London og Oxford, ville me ha ein roleg søndag med museumsbesøk. Me var ikkje akkurat åleine om å ville besøke British Museum ein søndag ettermiddag, men det var utruleg mykje spanande der og sidan begge hadde hatt lyst til å oppleve museet i mange år, føltest det ekstra vedunderleg å gjere det saman.









Museet var enormt og arkitekturen var nydeleg. Eg gjekk i trappene og tenkte på kor mange som må ha gått der sidan dei opna i 1759, eg rørte ved marmoren som var mjuk som silke og eg kyssa kjærasten min så ofte som mogleg.

Søndag kveld var eg dårleg og følte ikkje for å gå på restaurant, trass i at eg var veldig svolten, så me tok turen bort til King's Cross Station for å prøve å finne noko å ete. Det var lettare sagt enn gjort, men me fann i alle fall inngangen til Hogwarts Express.


Måndag morgon kom og me gjekk, tok undergrunn, tok tog, tok fly og tok buss (og båt og bil, i kjærasten sitt tilfelle), og plutseleg var me tilbake i Noreg og kunne ete brødskive til kveldsmat.

For augeblikket prøver eg å stille hjernen min inn på mastermodus igjen og gler meg til å kunne sovne ved sida av kjærleiken min til helga.

9 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. oi. visste ikkje at dei hadde moomin-shop i london. får ta meg turen neste gong eg drar til london. kor er det den ligg?

    /fredrikke

    SvarSlett
    Svar
    1. The Moomin Shop ligg i marknadshallen i Covent Garden, dei har ufatteleg mykje fint.

      Slett
  3. Det virke så dåke hadde ein fin tur <3
    Så mange fine ting du har kjøpt :D

    SvarSlett
  4. Very-much-approve mummistæsjinnkjøpet. Har ille lyst på de pepperkakeformene. Mummibutikken er så flott, men så sørgelig dyr.

    Kjempestas å møte deg igjen, og Bømlingen! Hils! :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Formene hadde greie prisar, låg mellom to og tre pund per, men vert sjølvsagt mykje pengar om ein skal investere i alle.

      Likeså! Skal helse tilbake, om enn (veldig) forsinka.

      Slett
  5. Eg hugsar då du såg på Mummitrollet på barne-tv, og song alt du klarte på songen "åh, muuuuumi". Trur du var så lita at uttalen ikkje var heilt god ;)

    SvarSlett