søndag 25. januar 2009

La Vie en Rose


I det minste slutta eg av med stil. Etter å ha sletta alle spor, gjorde eg nokre tastetrykk og Édith Piaf fylte rommet med La Vie en Rose, som ein hyllest du ikkje fortener. Eller gjer du det? Eg er ikkje sikker på noko som helst lenger, og samtidig som Diana Krall syng If I Had You, tenkjer eg at akkurat no sit du kanskje inne i huset ditt, som faktisk er mora di sitt, eller går ein tur langs strandkanten, og at du er geografisk sett nærmare besteforeldra mine enn eg, der morfar er lagt inn på sjukehuset og vert skanna. Ein CT-skan, tippar eg. Så lurer eg på om du framleis har gåvene i hylla du fortalte meg om, eller om alt er kasta, og om namnet mitt står skrive på nokre av tankeflugene dine, fordi det har eg rett til, har eg ikkje? Eller er eg borte for godt? Det er noko med det uttrykket ”Ut av syne, ut av sinn.”, men hugsen min er så hjarteskjerande god at ingenting vert nokosinne ut av syne for meg. Sjølv barnetraume eg meir enn gjerne skulle ha sletta. Dei kryp innpå meg og overfell meg i blant. Kanskje ein av dei gongene når eg plutseleg sluttar å le, eller stirar rett fram og ikkje møter blikket til venene mine. Det er sjeldan dykkar feil, vit det.

Og eg tenkjer at alt gjer så vondt, med andre ord repeterande tankar, men det er lettare slik. Å ha repeterande tankar, slik at eg ikkje treng finne opp nye svar, fordi det klarer eg ikkje.

Eg lo i dag, i to samanhengande timar, fordi Eddie Izzard er ein sexy gud og eg skulle gjerne ha kyssa han, men ikkje meir enn eg lengtar etter å kysse mannen som får meg til å smile. Eg lo, og eg analyserte ikkje kvifor eg lo, eller stoppa opp for å seie til meg sjølv at eg burde slutte, at det var litt patetisk å sitje og le for seg sjølv. Og etter å ha ete middag fyrte eg i omnen, fordi foreldre likar å kome heim til eit varmt hus. Så lèt eg Denne uro fylle heile huset medan eg dansa ein einsam vals i stova, og lengta etter å ha smilemannen til å danse med, eg trur han er flinkare enn han sa. Eg tenkte kor vedunderleg flott det hadde vore, å danse med han, halde rundt han og sleppe meg fri. Danse inn i ei lukkeleg æve, med varme kyss og høgtlesing av utdøydd poesi, før han legg meg ned på golvet og seier at eg er vakker når eg gret. Det må vere herleg å vakne opp med nokon ein elskar ved sida av.

14 kommentarer:

  1. Vet du hva? Jeg skulle så virkelig inderlig ønske at du, om det bare var én gang, kunne få det du virkelig fortjener. Du har aldri gjort noe galt, og det irriterer meg at hvem eller hva det er som bestemmer over skjebnen din kan være slik en syk jævel. Jeg vil ikke du skal ha noen vonde minner, jeg vil at hodet ditt kun skal være fylt med gode tanker, jeg vil at du skal leve resten av livet ditt lykkelig og aldri noensinne mer måtte tenke på disse vonde minnene. Jeg elsker deg så utrolig mye, og hvis det bare var nok å være glad i deg og sette pris på deg, så ville jeg sagt det hvert sekund og ment det like mye hver gang, men det er dessverre ikke slik det fungerer. Det eneste jeg kan gjøre er å være her for deg når du trenger meg, og jeg håper du vet det. Og jeg vet at han har tatt vare på gavene, jeg bare vet det, selv om du ikke tror meg. Fordi jeg vil tro på det du ikke lenger vet. Og igjen, jeg elsker deg, min søte, vakre, nydelige Birte.

    SvarSlett
  2. Der kom tårene eg har venta på...
    Love you. <3

    SvarSlett
  3. Negativt/positivt?
    Love you too <3 :)

    SvarSlett
  4. Ka e gale med morfaren din? :/

    Eg e her eg o. :)

    SvarSlett
  5. Me veit ikkje enno, difor han må ta testar, men han har jo hjarteproblem, og så har han hatt veldig dårleg balanse og slikt i det siste, men I don't know...

    Takk, og likeså. :)

    SvarSlett
  6. Hmm, det skjedde med farmor o. Beino nas svikta, og så trudde di at hu bare va svak, men det va jo balansesenteret i hjernen som begynte å bli ødelagt av ein svulst. Skumle greier.

    (Legar e dumme i blant.)

    SvarSlett
  7. Hmm, ja... Han falt rett før jul, trur kanskje det var på julafta, faktisk. Han vert jo 79 i år, så ikkje rart at nokre funksjonar byrjar å svikte, men...

    SvarSlett
  8. Sukk, Birte. Jeg skulle ønske jeg kunne gjøre noe.

    SvarSlett
  9. You will always be the most lovable person in the world

    SvarSlett
  10. Neda: I wish that too. <3

    Oda: Awh, takk, kjære deg! <3

    SvarSlett
  11. Eddie Izzard er herlig.

    Og jeg er veldig enig med Val. Du fortjener bedre.

    SvarSlett