søndag 15. februar 2009

Sannah lagar middag ved å danse

Sannah er verdas kulaste niese. Sannah lagar middag ved å danse, og syng til eit imaginært publikum. Ho har vore her i helga, medan mora og faren (som er den eldste storebroren min) har fått litt tid for seg sjølv, i tillegg til å ha barselsmøte fredag kveld, fordi Birte vert tante heilt på ny i mars!

Eg har diverre ingen Dory-bilete frå helga, då det einaste biletet eg tok av Sannah vart tatt med Neda (polaroidkameraet mitt). (Hmm, er det forvirrande med alle namna eg har på ting?) Men eg kan setje inn eit gammalt eit, fordi Sannah er så herleg at alle bør få sjå henne! (Ho er òg litt av ein energibylt, og er veldig hengt opp i at ho skal gjere alt sjølv, men det høyrer vel til det å vere to år...) Og ja, ho er kjempeflink til å snakke! Eg er litt redd for korleis det kjem til å gå når eg får ein nevø i mars, eg likar det best når eg kan kommunisere skikkeleg med folk, er så mykje lettare å vite kva folk vil når dei kan formulere det med ord...

15 kommentarer:

  1. Haha, hun er litt søt ja :P

    SvarSlett
  2. Så søt! Hun likner på deg! Eller, hun har nok utseendet sitt fra faren sin, for det er vel han som også likner på deg? Eller er det han adopterte?

    SvarSlett
  3. Valerie: The cutest!

    Oda: Hah, ja, på nokre bilete er jo faktisk cirka prikklik slik eg var på den alderen, ganske freaky. Enno meir freaky sidan ho er dottera til "han adopterte", som du seier. Sjølv om han ikkje er adoptert, men ja. :P

    SvarSlett
  4. Hu har snålt hår. Sånn vippete! :D

    SvarSlett
  5. De er så nydelige på den alderen der. Jeg smelter, hvis de ikke er ufordragelige, that is.

    SvarSlett
  6. Heh, ja, og ho er absolutt ikkje ufordrageleg. :)

    SvarSlett
  7. så søt hun var! gratulerer som kommende tante :)

    SvarSlett
  8. For en søting:) Åh, det virker så gøy å være tante! Jeg og vil, men jeg er eldst. Og simon og, så jeg kan ikke være halvveis tante engang. Heldigvis har jeg isak :)

    SvarSlett
  9. Yes, she is. :D

    Awh, vel, det kjem nok før eller seinare. :)

    SvarSlett