onsdag 4. februar 2009

2/365

Eg kom nettopp inn døra etter å ha stavra meg fram i centimeter på centimeter på snø, og medan eg gjekk tenkte eg på Neda som ein gong skreiv kor magisk det var å vere den fyrste til å gå i snøen, og så tenkte eg at snøen hadde dekka over det tynne laget eg invaderte om morgonen, og at kanskje me ikkje er så viktige som me trur. Etter å ha venda meg om og sett spora mine, kom eg fram til at kanskje me faktisk er viktigare enn me klarer å tru eller håpe, og at me kan gjere langt meir enn me tør ta inn over oss.

I dag har eg ein av dei to dagane eg får i løpet av året, der eg er svært fjollete og... kva er ordet? Jo: Lukkeleg. Som om hjernen og hjartet seier at: "Okay, i dag skal Birte få fri.", og så ler eg litt høgare og langt oftare enn det eg vanlegvis gjer, og finn nesten alt morosamt. Sist gong var i august under filmfestivalen, då me såg Hellboy II, og eg storkoste meg.

Etter at historieprøven (= intens skriving i 90 minutt) var overstått, skulle me ha naturfag, og eg fekk plaster av Kari som var det tredje plasteret på to dagar, fordi stakkars Birte fekk papirkutt på den høgre ringfingeren sin i går, og alle veit kor mykje det svir. Når eg i tillegg har prestert å kutte opp såret på ny og på ny, grunna fleire ark, hårstrå etc., tenkte eg at plaster var lurt. Disneyplasteret med Dumbo på varte til eg dusja i dag tidleg, og plasteret med Mummitrollet og Snusmumrikken falt av under 1. verdskrig, men naturfagplasteret har heldt heilt til no. Det er kvalitet. Eller kanskje det er på grunn av ansiktet som Hilður og eg samarbeida om å teikne.

"Har de hatt prøve i dag, eller, de ser jo heilt daude ut?!" spurte Finn Morten då me hadde matematikk, og etter me oppgitt svarte ja, forsikra han oss om at han skulle vise oss tre ting veldig kjapt, så skulle me få lov til å slappe av (og kanskje gjere ei oppgåve, om me orka det...). I norsktimen mangla me tilgang på oksygen, og eg syntest framleis at det meste var hysterisk morosamt, sjølv om det ikkje var særleg nye ting me fekk høyre. Me hadde meir ein samtale enn undervisning, og det var eigentleg utruleg herleg.

Neste onsdag skal eg ha med årboka og vere flink når eg kryssar av for kven av dei tilsette som kjem til møtet, og om dei kjem i tide.

23 kommentarer:

  1. Nooo, det er Mummi som skal være best. Alltid. Det er noe galt med fingeren din.

    SvarSlett
  2. Aw, jeg er nevnt, kult! :D
    Men aw, så koselig å lese at du har hatt en fin dag, Birtemin.

    SvarSlett
  3. I can't wait till next wednesday!
    Og awh, du er så søt <3

    SvarSlett
  4. aw, sånne dager bør alle ha :D og spesielt du, for det synes jeg du fortjener indeed

    SvarSlett
  5. Hoho, eg sko tatt av sammen med deg viss eg ikkje hadde vore så trøtt. :P

    Du glømte å ta med det med jakko og skjorto mi. xD

    Bussjåføren glømte å setta meg av på rett plass, så eg og kavla meg gjennom snøen. Tenk kor månge fnugg som danne den snøen...

    God bedring te fingen! (som eg ser igjen i måro. :P)

    SvarSlett
  6. Val: We're gonna rock!
    And you t0tally are too!

    Lisa: Indeed! :D Takk, honey. <3

    Hilður: Neste gong? :P
    Awh, I'm sorry. xD Du får skrive om det sjølv.
    Slem bussjåfør!
    Og takk. :)

    SvarSlett
  7. Me va på ball i går og hadde prøve i dag. Då sa Grethe (MK-læraren) at siden ingen av oss va interesert i ytringsfrihet, men bare tenkte på naturfag, så sko me få øva. Og me øvte heilt te neste time :D

    SvarSlett
  8. Awh, haha, det var snilt gjort av henne, då. :)

    SvarSlett
  9. Eg har óg papirkutt. :/

    SvarSlett
  10. du kunne fått plaster av meg og da :) Med diamanter

    SvarSlett
  11. Oda: Awh! *bles på* Betre no? :D

    Kristin: Ja, men spørs om det hadde overlevd dusjen min i dag. Det gjorde nemleg naturfagplasteret, eg er svært imponert!

    SvarSlett
  12. Omg, really?! :D

    De har kule plaster på TiTo!

    SvarSlett
  13. Yeah!
    Eg har aldri vore på TiTo. Eller, jo, kanskje éin gong.

    SvarSlett
  14. Woah! Vi må SÅ går der sammen!

    SvarSlett
  15. Uhm, I don't know. Whenever. :P

    SvarSlett
  16. Jeg er glad du får ha det bra innimellom du også <3
    *holder rundt deg og for alltid*

    SvarSlett
  17. Så godt at du også har det bra en gang i blant. At tankene ikke florerer rundt you know what, hele tiden. :)

    SvarSlett