tirsdag 26. mai 2009

Okay, eg skal vere ærleg

Eg har alltid likt doktorar. Då eg var liten, likte eg doktoren min fordi han hadde same lommelykt som meg, og dama som jobba bak skranken der han hadde kontor, var ei veninne av mamma, og ei som eg hadde kjent heile livet. Ho gav meg Mummidalen-glansbilete etter eg hadde gjennomført ein blodtest.

Eg likar fastlegen eg har no, fordi ho ser på mange av dei same fjernsynsseriane som meg, så når me eigentleg skal sitje og prate om seriøse ting, går me heller over til å diskutere kor fin serie Judging Amy var.

Som tidlegare nemnt, og vist, har eg elska ER igjennom femten år, give or take. Delvis grunna dedikasjonen til denne serien, og delvis grunna hypen som vart rundt showet Grey's Anatomy, gav eg det aldri ein sjanse, men Amy Brenneman er søt, så då eg fann ut om Private Practice, tok eg til å sjå på det, and slightly fell in love. Sidan søndag (var det søndag?) har eg likevel tatt til å sjå på Grey's Anatomy, eg har gått igjennom heile sesong 1 og er no på sesong 2, episode 1. Sjølv om eg ser at forfattarane har stole idear frå ER, og sjølv om serien har ein tendens til å fokusere litt for mykje på legane og ikkje på resten av sjukehustilsetjinga eller pasientane, så må eg vere ærleg og seie at ja, det er eit godt program. Eit veldig godt program.

21 kommentarer:

  1. Åj, da er du heldig! Jeg har aldri likt noen leger. Eller, det blir kanskje feil å si. Men jeg har aldri hatt et spesielt forhold til leger. Det er kanskje fint å diskutere tv-serier når man skal blant annet ta blodprøver, for da fokuserer man på noe annet enn stikket. Og det hadde vært fint for meg, jeg er absolutt ikke glad i å dra innom legen :)

    Dessuten fikk jeg veeldig lyst til å se judging amy igjen!

    SvarSlett
  2. Awh, cutie! <3 Og omgz, du har byttet design!

    SvarSlett
  3. Så fin bloggen din har blitt! :D

    Ja, House next. >8-D

    SvarSlett
  4. jeg henger meg på og skriker house. seriøst, house er fantastisk.

    SvarSlett
  5. Ida: Awh, ja. Me snakka eigentleg om fjernsynsseriar då me skulle snakke om andre ting. xD

    Jaaa, Judging Amy var koseleg!

    Val: Yeah, I have! :D

    Susan, Eli, Oda, Nøve: Takk, og mjææh, eg likar ikkje House. :( Eg elskar Hugh Laurie, men eg likar ikkje serien.

    SvarSlett
  6. Eg elskar dei første sesongane av Grey's. Har ikkje sett dei 6-8 siste episodane av serien, men eg kjenner eg ikkje saknar det faktisk. Rare greier. Kanskje eg skal gjere det når eg kjem heim i helga.

    Eg er ikkje så glad i leger :p

    SvarSlett
  7. Eg lika kje å gå te legen, siden di alltid finne nåke galt med meg, men eg lika legeseriar. :D

    Grey's anatomy e gøy, men ein av sesongane e litt...kjedelige, på ein måte. Vett kje kass sesong eg e på nå, ein gong, ser det bare når det går på TV. :P

    SvarSlett
  8. OMGSJ! Gratulerer med nytt design. Og OMGSJ! Gratulerer med realiseringen at det er et bra program- for det er nettopp det. Det er en av mine to favoritter. Jeg griner like mye som jeg ler av den. (Den andre er Six Feet Under, om du skulle undre.)

    SvarSlett
  9. Lene: Ja, mange som har sagt (i USA og slikt) at den siste sesongen var skikkeleg dårleg, og fleire skodespelarar som har slutta.

    Hilður: Awh, ja, er alltid noko galt med meg òg, men ikkje på same måte som deg, då...

    Haha, okay. :P

    Ane: Takk! Og haha, takk. :P (Six Feet Under må eg sjå før eller seinare, òg...)

    Neda: :)

    SvarSlett
  10. Grays anatomy er koselig ^^
    Elsket designet ditt forresten! det var kjempefint :D

    SvarSlett
  11. Ein annan grunn er at eg ikkje kan laste ned når eg er i Stavanger, det suger litt, men men.

    Ja, sjå Six Feet Under :D

    SvarSlett
  12. Awh, ja, slemme Stavanger...

    SvarSlett
  13. jeg tror nesten jeg gråter i hver eneste episode x)
    jeg så sesong fire i helgen! og nå vil jeg at tv2 skal begynne å vise sesong fem. sukk.

    SvarSlett
  14. Me too!
    Awh, du kan jo laste ned?

    SvarSlett
  15. Charlotte Marie3. juni 2009 kl. 16:25

    Jeg elsker Grey's Anatomy og det har jeg alltid gjort. George er helt nydelig :D Åh så glad jeg er i dem!

    SvarSlett
  16. Awh, ja, dei er fab. :) Eg har byrja å verte skikkeleg glad i dei eg òg. Er på sesong fem no, episode fire.

    SvarSlett