torsdag 5. november 2009

Av og til

Av og til må ein vaske 17 truser, eit par sokkar og eit laken på eit vaskerom der lyset framleis står på, men det er ingen der, og det var ingen familiemedlem eller betre halvdelar som lét det stå på. Av og til må ein studere dei fem vaskemaskinane, der berre den eine har ein ferdig vask, nokre vassfylte puter som ein legg på toppen av vaskemaskinen til deira respektive eigar kjem for å hente dei, og ein tenkjer at sist gong hadde nokon vaska undertøy der, og det føltest rart å skulle røre ved framande menneske sitt undertøy, uansett kor nyvaska det var.

Av og til må ein stå over ei førelesing eller to, fordi nasen er tett, hovudet tungt og viljen den vanskelegaste av alle. Seminarane flyr forbi med diskusjonar ein prøver ta del i, og klarer det, av og til, men andre verkar så mykje større enn ein sjølv, dei har så høge stemmar og klare meiningar, at sjølv om poenget eins var minst like bra, tar ein seg sjølv i å berre sitje stille og nikke.

Av og til verkar det best å vere litt usynleg, i det minste fram til nyttår.

11 kommentarer:

  1. Åh, ja, jeg vil være usynlig frem til nyttår. Har tatt hele denne uken fri, gir opp universitetet snart.

    SvarSlett
  2. Eg har tatt fri frå ex.phil.-førelesingar (ho legg ut undervisningsnotat og seminarleiaren plar gå igjennom dagens tema uansett, så...). No prøver eg å gjere Ex.fac.-oppgåvene som skal inn i morgon.

    <3

    SvarSlett
  3. Har du ett seminar i dag, og fri i morgen?

    SvarSlett
  4. <3

    Du er for fin til å være usynlig. Dessuten er det ingen som får bra karakter av å snakke mye i "timene" lenger uansett, og slik jeg har opplevd det så har de en tendens til å komme til kort når det virkelig gjelder. Hvem var det som fikk 10/10 på breddetesten? (Den som snakker høyest på min seminargruppe måtte ta den om igjen. F.eks.)

    SvarSlett
  5. <3

    Ja, I know, føler berre at andre tenkjer eg er dum or something fordi eg ikkje seier så mykje.

    SvarSlett
  6. Enig.

    Pfft, bare la di tru at du e dum, det slår tebake på di.

    SvarSlett
  7. (Dei eg går med trur eg har ein psykisk lidelse. Di sko bare visst!)

    SvarSlett
  8. Hehe. :P

    Ja, eg trur dei har tankar om at eg ikkje er heilt psykisk god heller, som for så vidt er korrekt, men...

    SvarSlett
  9. Men på en måte er de menneskene som ikke snakker, mest spennende. Det er ofte de som sitter inne med mest, om det er erfaring eller vett. Iallefall slik jeg ser det.

    SvarSlett
  10. That's true, men eg veit ikkje om alle dei andre ser på det på same måten...

    SvarSlett