lørdag 29. mai 2010

Skulle, ville, kunne

Me skulle sove i same seng og du skulle vere teppet mitt. Breie deg over meg og over heile livet mitt. Eg skulle la deg ta over, for ei lita stund, eller for alltid, fordi eg stolte på deg og eg orka ikkje meir. Orka ikkje vere i kontroll lenger, vere den som bestemte, den som tok kontakt, den som tok avgjerslene. Eg skulle berre puste og vere til.


Eg strødde blad langs vegen slik at du skulle finne meg. (Skulle, ville, kunne.) Eg strødde blad langs vegen for å hjelpe deg finne fram. Det var mørkt, men du var lyset, og månen gav ei hjelpsam hand.

Motoren stilna, duren som var ein konstant, og rommet var heilt stille då det knirka i døra, i hengslene og i karmen, medan du kjempa deg fram skritt for skritt. Eg låg i ro og lata som eg sov, tenkte at det skulle ikkje vere så vanskeleg, og det knirka ein siste gong då du vende om.


Ute rasla vinden for å minne meg på at det framleis fanst ei verd bortanfor alt dette, og eg dansa til vinden på bare føter i ein lett nattkjole som blafra om kapp med alle bileta, alle tekstane og alle minna.

Berre eit pust. Eit enkelt pust og eit polaroid med alt det vakre i verda. Søvnlause hjarte og koppar med te.

Utan vind lever ikkje havet. Haustvinden som slår pusten frå deg slik at du hugsar du er i live. Det mjuke og sensuelle andedraget av ein sommarbris.

(Skulle, ville, kunne.)

Du skulle breie deg over meg som eit teppe, som bølgjer av salte augeblikk som aldri hendte.

13 kommentarer:

  1. Kjære vene, Birte, dette er by far noe av det som har rørt meg mest av det du har skrevet. Det var bare så fint.

    SvarSlett
  2. Det va nyyyydelig! :o :D

    Flink, Bierre - alltid. :)

    SvarSlett
  3. Leikar du Gatsby? :P
    Takk, kjære vofsen min!

    SvarSlett
  4. Eg er flinkare å veta kva eg skal skrive til deg i hovudet mitt, men det vil ikkje komme ut som eg vil.

    Det var fint <3

    SvarSlett
  5. OMG CONAN-COUNTDOWN WIDGET!!! :D

    SvarSlett
  6. Dine flotte tekstar får meg te å ha lyst å skriva sjøl. Utrolig kossen du klare å skildra følelser så godt.

    SvarSlett