onsdag 28. juli 2010

Eg trur på kjærleik

Dagane går stort sett til jobbing no for tida. Eg snakkar med menneske heile tida, men føler meg einsam. Svært få vil ha kvittering, og eg får småangst når nokon kjem med mat frå bakeriet fordi det finst fleire PLU-ar enn det finst varer.

Eg drøymer om mennene mine fordi eg ikkje har nokon å sovne ved sida av, og i blant tenkjer eg på han som er langt borte fordi det er ikkje noko ein kan vaksinere seg mot, eller tvinge bort. Kanskje nokon klarer det, men eg trur eg manglar den kvaliteten, og det var jo ikkje berre tårer. Og kanskje det er ei meining bak alt dette, kanskje det éin dag vil vere verdt det fordi med eitt har eg ein som vil dele livet med meg, heilt til me er pensjonistar og bur på Isle of Wight og les dikt til kvarandre. Kjøper noko søtt på den fine godtebutikken og lyttar til havet knuse bølgjer mot klippene medan me sit med beina over kanten, som om me var små barn igjen.

-

Eg trur ikkje på noko gud, men eg trur på kjærleik.

10 kommentarer:

  1. I do, too. And I believe in you! <3

    SvarSlett
  2. Det bildet der, den filmen der, den boka der.. ah.

    Kjærlighet.. jeg vet ikke om jeg tror lenger. Men jeg regner med det går i bølger. Håpet er der, iallefall, at jeg i en alder av nitten år ikke skal vite alt om livets mysterier. Kjærlighet. Det må jo skje en eller annen gang.

    SvarSlett
  3. Ja, tru på kjærleiken du, kjære Birte.

    SvarSlett
  4. :)
    Det er viktig å ha noko å tru på, eller ha eit håp om.

    SvarSlett
  5. Det er bra. So do I.
    Love you forever.

    SvarSlett
  6. Kjærleik er ein viktig ting som det virke som enkelte personar har gløymt ut.

    Det med å føle seg einsam sjølv om du er med mange, mange folk har eg opplevd (det er noko av det verste eg har vore med på). Du kan vera i eit rom med omlag 100 menneske, men når du sitter åleine medan resten sitt i små grupper og har det kjekt ilag er lite kjekt å vera vitne til.

    Eg er glá i deg og vil at du skal oppleva alt du vil oppleve <3

    SvarSlett
  7. Ja, det er trist at folk kan gløyme det ut.

    I know. <3 Sjølv når ein er del av grupper òg, små eller store.

    Glad i deg òg, fine, og takk likeså. :)

    SvarSlett