Å høyre heilt ny musikk og elske han med ein gong.
Å høyre på musikk ein har elska i mange år, men som ein aldri vert lei.
Og å sjå tre filmar på rad, fordi ein har vorte sjuk, og den siste filmen var så nydeleg at ein ville ta stillbilete annakvart sekund.
Det er fint å finne ny musikk og nye filmar ein likar med ein gong.
SvarSlettSå fint interiør :D
Kva handlar det om
God betring. <3
- Lene
Ja! :D
SvarSlettI know, det var amazing. <3
Frå IMDb: "28-year-old Kansas University doctoral student Omar Razaghi wins a grant to write a biography of Latin American writer Jules Gund. Omar must get through to three people who were close to Gund--his brother, widow, and younger mistress--so he can get authorization to write the biography."
Om han klarer skrive den biografien, kjem han til å verte professor i litteratur, og dermed få fast stilling, men sidan han ikkje har fått klarsignal frå familien til Jules, drar han ned til der forfattaren budde (og der resten av familien framleis bur) for å overbevise dei om at biografien er ein god idé.
Takk. <3
Det hørtes ut som en bra film. Og så godt å høre på nytt og gammelt, det samme gjør jeg om dagen.
SvarSlettIt was. :)
SvarSlettAwh, ja, det er veldig kjekt.
Kanskje eg skal gi deg ein sjanse i helga.
SvarSlett- Lene
You should. :)
SvarSlettKorleis går det med deg? Kva filmar såg du? Veit jo at eg likar dei same filmane som deg. God betring og klem frå meg.
SvarSlettFilmen bileta er i frå heiter The City of Your Final Destination, som eg trur du hadde likt. Elles har eg blant anna sett ein film der David Suchet hadde hovudrolla, den heitte Maxwell, ein veldig bra film, syntest eg (men så er eg særs subjektiv når det gjeld David). No vart eg nettopp ferdig med å sjå The Runaways, måtte ta ein halvtimes pause då Nytt på nytt byrja. :) Den filmen var ikkje like imponerande, men han var ok.
SvarSlettEg er betre, men ikkje god. Klarer framleis ikkje puste skikkeleg, til dømes. Håpar eg er endå betre i morgon og på søndag slik at eg i det minste kan få med meg føredraget Don Rosa skal ha på søndag, i regi av Raptusfestivalen.
Takk for det, og klem tilbake. :)