søndag 12. september 2010

Om å vende tilbake (på best mogleg måte)

Når du ser om igjen ein film det kanskje er eitt år sidan du såg sist, kanskje to, slik at du har gløymt ut alle dei fine augeblikka mellom dei store hendingane, då han var klokka hennar og då dei ikkje kyssa, men ho berre stod med hovudet sitt inntil brystet hans. Og du høyrer sitat som framleis resonnerer i deg, sjølv om du av og til skulle ynskje du kunne sjå ein film utan at noko minna deg om han.


Å vende tilbake til barndommen, på eit vis, når foreldra dine er på besøk i Bergen og du får nattaklem før storebror køyrer deg heim til leilegheiten. Og å stå i kø i halvannan time utan at det gjer noko, fordi om litt får du møte ein barndomshelt, ein som laga dei Donald og Uncle Scrooge-historiene du alltid syntest var best, og kor glad du vart under føredraget då han sa at jenter som likte karakterar som Magica de Spell og Glittering Goldie framfor Daisy Duck, det var jenter som viste dei var intelligente. Fordi du hugsa at då du var lita og skulle bestemme deg for kva for ei Donald-pocketbok du skulle kjøpe, då bladde du alltid gjennom og såg om Magica var med eller ikkje, fordi det var det avgjerande.


Og å dra til Italia igjen (om berre via film), der nesten alle byane dei filma i var byar du besøkte, way back when i 2006, rett etter du hadde posta det fyrste brevet, og korleis Vanessa Redgrave gjekk i dei same gatene som deg, og kanskje sat dei på den same kafeen. Den kafeen der foreldra dine måtte seie dei skulle ha Caffè Americano, fordi om ein berre sa coffee, så kom dei med ein espresso, og du hadde din fyrste ekte italienske is og var frelst. Og litt seinare den dagen sykla ei nonne i full grå habitt rett forbi deg, og du prikka faren din på skuldra slik at han kunne delta i latterkrampa som bobla i deg. Du helsa på Juliet og såg balkongen hennar, men du hadde allereie sendt eit viktig brev, så i staden for å be Juliet om hjelp la du handa inntil muren og kviskra eit stille ynskje om at han skulle svare deg, og at svaret skulle vere det du ville ha.

4 kommentarer:

  1. Tekstane dine er utroleg nydelege. Eg veit eigentleg aldri korleis eg skal ordleggje meg når eg kommentere fordi det som eg tenkje på vil ikkje komme ut og det ender med at kommentarane alltid blir rare.

    Eg har på det same måte med stadane eg har vore sjølv og det er gøy. Avogtil draume eg om plassane eg aldri har vore, men som eg alltid har lyst å reise til.

    * Lene

    SvarSlett
  2. Takk, sweetheart. <3

    Ja, det gjer eg òg. :) Av og til drar eg til dei ukjente stadene heilt av meg sjølv, andre gonger via bilete eller film.

    SvarSlett
  3. Du skrive på ein skikkeleg fin måte, va nesten sånn at eg trudde alt det dar hadde skjedd med meg. Men kanskje dei har det, utan at eg veit heilt om det.

    (Ka heiter filmen?)

    SvarSlett
  4. Takk. :)

    Den eg såg om igjen som eg ikkje hadde sett på ei stund heiter Shopgirl. Den eg vendte tilbake til Italia med heiter Letters to Juliet (den syntest eg ikkje var så bra, men han var okay).

    SvarSlett