tirsdag 19. oktober 2010

(Om/til morfar)

Eg er

Eg er i lufta du pustar,
graset du går på med bare føter.
Eg held rundt deg,
snakkar med deg,
gir deg råd.

Eg er i lyset,
skuggen,
eg er i vinden
og bølgjene som slår mot land.

Eg er i veden som brenn og varmar deg.
Eg er i orda
og tankane,
minna,
hjarteslaga.

Eg er i haustmorgonen,
solnedgangen.
Eg er i kvart steg og kvar bursdagsfeiring.

Eg er i deg.
Med deg.
Rundt deg.

Du kan ikkje sjå meg,
men eg er her,
i kvar pulserande åre,
kvar solstråle.

Eg er.

mandag 18. oktober 2010

Kvil i fred

Det regna då ho var ute på gata med kofferten for andre gong den dagen. Det hadde vore sol i heile landet i fleire månadar, men brått var gatene overfylt av altoppslukande væske. Regnet tok seg inn i tøyet, seiv igjennom til det kjente hud under seg og fekk alle menneska til å hutre og fryse.

Det var ein ny type smerte, noko djupare ho visste alltid kom til å gjere vondt, sjølv etter mange år hadde passert.

Ho strauk ein finger langs den bare armen, undra seg over korleis noko så naturleg kunne skape så unaturleg store smerter. Det hadde jo nærma seg, var ikkje fullstendig overraskande, men ho hadde trudd ho hadde meir tid med solskinet. Varmen og dei gode kjenslene. Tryggleiken. Vêrmeldingane hadde ikkje vist noko teikn til nedbør.

Ho stira opp mot himmelen. Ein regndrope trefte henne i det eine auget, på hjartet, i handflatene.

Ho håpte solstrålene ikkje var for langt unna.


-


Kvil i fred, morfar.

onsdag 13. oktober 2010

Alt ordnar seg

Eg har sett ein mann verte kasta opp i lufta
og andre strøyme til,
men ikkje for å hjelpe.

Eg har sett kvite hestar utan riddarar i rustning,
eg har sett ein raud riddar utan hest.

Eit heilt hundreår stira eg på regnet,
talde regndropar,
talde dagane til blomane igjen ville bløme.

I haustblada kjærteikna eg årene,
livslinjene,
bad dei fortelje meg korleis det føltest å
miste fargen
og falle.

Dei visste ikkje kva eg snakka om.

"Dette er meint å vere,"
sa dei.
"Dette har trea kviskra til oss
heilt sidan me så vidt var
synlege,
medan tåka dreiv over fjella."

Me sat i ei lysning omgitt av
fargeeksplosjonar,
og for fyrste gong følte eg ro.
Dette er meint å vere.

Alt ordnar seg.

Berre hugs å puste.

torsdag 7. oktober 2010

Vi streiker!

Vi går i opprør! Vi nekter å bli tråkket på av uforsiktige føtter, sparket av små barn som om vi var en lusen fotball. Nekter fornedrelsen av å bli kastet når dere har strippet oss for det vi er verdt.

Vi nekter å fortsette føle oss tvunget til å reprodusere, protesterer mot presset om å alltid skulle være størst og best, saftigst og mest fargerikt.

Vi vil ikke lenger godta deres tyranni, der dere hiver innpå med vårt harde arbeid som om det var ingenting, kan jo bare kjøpe mer.

Nei, nok får være nok. Eplene streiker!


Photocred til Hilður