mandag 18. oktober 2010

Kvil i fred

Det regna då ho var ute på gata med kofferten for andre gong den dagen. Det hadde vore sol i heile landet i fleire månadar, men brått var gatene overfylt av altoppslukande væske. Regnet tok seg inn i tøyet, seiv igjennom til det kjente hud under seg og fekk alle menneska til å hutre og fryse.

Det var ein ny type smerte, noko djupare ho visste alltid kom til å gjere vondt, sjølv etter mange år hadde passert.

Ho strauk ein finger langs den bare armen, undra seg over korleis noko så naturleg kunne skape så unaturleg store smerter. Det hadde jo nærma seg, var ikkje fullstendig overraskande, men ho hadde trudd ho hadde meir tid med solskinet. Varmen og dei gode kjenslene. Tryggleiken. Vêrmeldingane hadde ikkje vist noko teikn til nedbør.

Ho stira opp mot himmelen. Ein regndrope trefte henne i det eine auget, på hjartet, i handflatene.

Ho håpte solstrålene ikkje var for langt unna.


-


Kvil i fred, morfar.

11 kommentarer:

  1. Å, Birte, jeg kondolerer.

    Om det hjelper og om min reaksjon har vært normal, kommer minnene til å fungere som solstråler i større og større grad. Det vil alltid være vondt, for alle som sier at tiden heler alle sår har ikke opplevd å få laget sår som må heles, tror jeg, og noen ganger vil det være overveldende og vondt, men minnene vil hjelpe, minner hjelper alltid og noen ganger vil du se noe ute eller oppleve noe som er så innmari de som er gått bort at de for en stund er hos deg igjen og kanskje blir det et lite fragment av et gram lettere av skuldrene dine. Jeg vet ikke, jeg. Det håper jeg.

    SvarSlett
  2. Kondolerer, fine. Var han syk? Tenker så masse på deg nå. Er ikke så flink til å si ting, jeg. Er bedre på å klemme. Håper jeg får gitt deg en stor, varm klem i morgen. Så glad i deg.

    SvarSlett
  3. Kondolera kjempe masse, hvis det går an å sei.. Håpe han har det bedre nå og eg håpe det komme te å gå fint med deg, sjøl om det e ei sorg du alltid må leva med. Sende klemmer <3

    SvarSlett
  4. Ånei! :( får vondt inni meg. Og vet at alt jeg sier kommer til å bli feil uansett. Bare. Husk å puste.

    SvarSlett
  5. Eg kondolerar så mykje.


    *klemmeforevig*

    (eg skreiv her i dag tideleg, men nå såg eg ikkje kommentaren min).

    SvarSlett
  6. Husk alle minnene, og at du ikkje e aleina.

    SvarSlett
  7. Takk til alle. <3

    Morfar var ikkje sjuk, han var på ferie på Kypros i lag med mormor, samt at eine tanta mi kom og var med dei siste del av ferien, og det skjedde veldig brått.

    SvarSlett
  8. *Stor klem*
    Eg e egentlig ingen fan av ordet "kondolerer", det e litt "tomt" om du skjønne. Men uansett, eg vet akkurat kordan du har det, etter farfar døde i 08 (og mormor + morfar, selv om det e ganske mange år siden nå.) Når en person har levd et langt og fullverdig liv som morfaren din har, så kan ein ikkje annet en å feire det når sorgen avtar. :)

    *stooor klem, fra Silje di*

    SvarSlett
  9. Takk for det, kjære deg. <3
    *stor klem tilbake*

    SvarSlett
  10. Kjære Birte!Dette var trist, men på ein måte var han heldig som slapp å vera sjuk og døydde på ferie, men eg forstår at det for de som er pårørande kan vera ekstra hardt å ikkje få tatt skikkeleg farvel. Smerta blir mindre etterkvart om ho ikkje forsvinn heilt. Det er fælt å mista ein som ein er glad i, og døden er så endeleg. Tenkjer på deg. Stor klem frå Elin Brit

    SvarSlett
  11. Takk for fine ord, Elin Brit. <3
    Du gav meg ein god klem i draumen min i natt.

    SvarSlett