tirsdag 14. juni 2011

ABC

Eg har ofte tenkt at tal er ikkje så viktige. Eg forelskar meg i eldre menn og tenkjer at så lenge ingen lovar vert brotne er det greitt.

Men så byrja eg på skulen, og særleg då eg kom over på ungdomsskulen vart tal kjempeviktige. I blant det aller viktigaste, til og med. Alle vart opptatt av kva tal medelevane hadde fått på arka sine, og dei vidaregåande skulane hadde tal dei meinte du måtte ha for å kunne gå der.

Og eg vart med på bølgja. Det var litt status med høge tal, å vere ekstralærar og kunne hjelpe dei som hadde tal som ikkje strakk til.

På vidaregåande vart tala endå viktigare, fordi utdanning er "in" og universitet krev så høge tal at dei er tosifra. Men på universitetet er det bokstavar som er det store. Bokstavar som eg lærte før eg byrja på skulen. Dei fine, kjære bokstavane eg har brukt i alle år for å kunne formidle kva eg føler og tenkjer, kva eg brenn for, kva eg elskar. Plutseleg vart dei seks fyrste bokstavane i alfabetet så ufatteleg skumle, og eg forstår det ikkje heilt. Korleis kan alfabetet vere farleg? Me song songar om ABC på skulen, og no styrer dei utdanninga mi.

Livet er så utruleg mykje meir enn karakterar, og det veit eg jo, men eg bryr meg likevel. Vil gjere det godt. I dag har eg hatt munnleg eksamen og på torsdag har eg ein til (byrja ikkje gråte før etter han var over), og med eitt er eg museumsguide og lærer barnehagebarn å snekre båtar.

9 kommentarer:

  1. Det er noe eget med det, når innsatsen en har lagt i et fag over et helt semester skal komprimeres til en eneste liten bokstav...(for ikke å snakk om et år med blodslit på en masteroppgave, ådumilde...), men en kan jo prøve å huske at en HAR lært en hel masse, selv de gangene bokstaven er litt lenge ut i alfabetet enn en hadde tenkt seg - og det er vel for å lære ting en studerer, er det ikke? Stå på og gjør så godt du kan, det går bra skal du se :)

    SvarSlett
  2. Jo, absolutt, det har du heilt rett i. :)
    Tusen takk. <3

    SvarSlett
  3. Åh, men bruk sommeren på å få tilbake kjærligheten til bokstavene. Jeg vet ikke hvordan det er å studere, egentlig, har ikke hatt press på det med karakterer på noen år, men jeg kan tenke meg at det er tungt for "sånne som oss"- som vil gjøre det beste vi kan. Men det kan jeg love deg, du kommer til å klare det fint, å studere, være guide og lære andre. Ha en super sommer. <3

    SvarSlett
  4. Jeg skulle ha brydd meg mer, men ble overrasket og veldig glad her om dagen, min første universitetskarakter ble en B! Jeg som knapt fikk 5-ere på vgs.

    SvarSlett
  5. Ane: Skal prøve på det. :)
    Takk, sweetie. God sommar til deg òg! <3

    Kathleen: Så flott, gratulerer!

    SvarSlett
  6. jeg vil også snekre båter. jeg liker båter.

    heia heia. alle eksamener kan tas på ny, det kommer til å gå bra.

    ps: hver gang du legger igjen slike kommentarbølger svever jeg litt, for du sier så mye fint at jeg vet ikke hva <3

    SvarSlett
  7. Du er hjarteleg velkomen, men det er gjerne litt langt å pendle til Haugesund berre for det... (Me har mykje anna fint her òg, though.)

    Det gjekk greitt, ein B og ein C. Til hausten er berre éin av dei to eksamenane munnleg, så kanskje eg klarer jobbe meir med nervene på forhand.

    Awh, men så bra! Det er godt å sveve litt i blant, så lenge returen tilbake til jorda ikkje vert for vond.

    SvarSlett