lørdag 26. mai 2012

Tysdag

På tysdag leverte eg bacheloroppgåva mi. Korleis gjekk det? Har ikkje peiling, har ikkje lyst til å tenkje meir på ho. Det einaste eg veit sikkert er at eg kunne ha gjort ein betre jobb, men det ligg bak meg no og eg må gå vidare.

Tysdag var ein fin dag. Eg såg ein mann i dress spele fotball (med ein tennisball) i lag med nokre ungdommar medan han spaserte over Torgallmenningen med stresskofferten sin, eg passerte to mellomaldra kameratar som diskuterte politikk medan dei gjekk langs Lille Lungegårdsvannet og eg såg buddhistiske munkar gå med blomar i hendene. Tysdag var òg dagen bømlingen min kom på besøk og han var her heilt til han tok båten heim i går. Eg laga yndlingsretten min til middag og sparde kakebakinga til onsdag før me dro på konsert i strålande sol og dansa i fleire timar, og eg smilte og lo og kyssa den finaste mannen eg veit om.

No er det heimeeksamen med ei av dei vidaste oppgåvene nokosinne og eg prøver å få hovudet rundt temaet og ned i pensum som har vore litt på vent dei siste vekene på grunn av bacheloroppgåva, men det kjem forhåpentlegvis til å ordne seg.



4 kommentarer:

  1. Gratulerer så mykje med å ha levert oppgåva! Slike ting er viktig å feire seg sjølv litt for.
    Og alt ordnar seg, ja. Alltid. Heimeeksamenen også, det er eg sikker på. Lykke til!

    SvarSlett
  2. Du og bømlingen din. <3

    SÅ STOLT AV DEG FOREVER!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tihi. :D

      TUSEN TAKK! ER STOLT FOREVER AV DEG ÒG! <3

      Slett