Er det noko folk veit her i verda, så er det at det regnar i Bergen. Med andre ord er det veldig lurt å kjøpe seg støvlar om ein skal flytte her, eller om ein allereie bur her. Nokon vil prøve å overbevise deg om at det er nødvendig å ha designarstøvlar, men det er berre tull, det som har noko å seie er om du liker dei, om dei passar og om dei verkeleg held regnet ute.
Ein kan ha mange grunnar for å gå med støvlar, som at ein vil vere tørr på beina trass i korleis vêret er og ein vil halde seg varm og god, men den største og viktigaste grunnen for å gå med støvlar er, som me alle veit: å kunne hoppe i sølepyttar.
Eg har vore på ny spasertur i dag, lappen i den fyrste trestammen hadde forsvunne, den andre låg der framleis. På Nordnes fann eg ei statue som hadde fått ankelvarmarar, samt eg fann sola:
Eg har vore på ny spasertur i dag, lappen i den fyrste trestammen hadde forsvunne, den andre låg der framleis. På Nordnes fann eg ei statue som hadde fått ankelvarmarar, samt eg fann sola:
Og så fann sola regnet:
Og då eg kom heim hadde trommenaboen slutta å tromme.
Det kan vere herleg å gå ute i regnet.
SvarSlettStøvlar kjøpte eg ikkje før eg hadde budd her i ca. 3 år. Er det berre eg som har lyst å hoppe rundt å leike Gene Kelly? haha.
Eg har òg sett ein regnboge i dag <3
Ja. :)
SlettMe kan hoppe rundt og leike Gene Kelly i lag. <3
Det første jeg gjorde da jeg fikk vite at jeg kom inn på skole her, i 2008, var å vandre til byen og handle støvler. Jeg har de samme den dag i dag, fire år senere. :P
SvarSlettFabulous! Har dei same eg òg. :)
SlettDa jeg skulle gå over veien for et par dager siden, hoppa jeg fra fortauskanten og ned i en gigantisk, USYNLIG søledam-innsjø som lå over veien. I mine hullete converse. Det var deilig :D ... Har bodd her i 4 år og fikk mine første støvler til bursdagen min for et par uker siden. De var for små. Så da var jeg like langt.
SvarSlettHerleg!
SlettStøvler er fantastisk. :)
SvarSlettJa. <3 Og dine er jo veldig fine! Med snøring og alt slags.
SlettOi, så fin regnboge! Dobbel, jo.
SvarSlettEin regnboge som er Regnbogeverdig!
Slett