onsdag 19. september 2012

Haustspasering

Er det noko folk veit her i verda, så er det at det regnar i Bergen. Med andre ord er det veldig lurt å kjøpe seg støvlar om ein skal flytte her, eller om ein allereie bur her. Nokon vil prøve å overbevise deg om at det er nødvendig å ha designarstøvlar, men det er berre tull, det som har noko å seie er om du liker dei, om dei passar og om dei verkeleg held regnet ute.


Ein kan ha mange grunnar for å gå med støvlar, som at ein vil vere tørr på beina trass i korleis vêret er og ein vil halde seg varm og god, men den største og viktigaste grunnen for å gå med støvlar er, som me alle veit: å kunne hoppe i sølepyttar.

Eg har vore på ny spasertur i dag, lappen i den fyrste trestammen hadde forsvunne, den andre låg der framleis. På Nordnes fann eg ei statue som hadde fått ankelvarmarar, samt eg fann sola:


Og så fann sola regnet:


Og då eg kom heim hadde trommenaboen slutta å tromme.

10 kommentarer:

  1. Det kan vere herleg å gå ute i regnet.
    Støvlar kjøpte eg ikkje før eg hadde budd her i ca. 3 år. Er det berre eg som har lyst å hoppe rundt å leike Gene Kelly? haha.

    Eg har òg sett ein regnboge i dag <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja. :)
      Me kan hoppe rundt og leike Gene Kelly i lag. <3

      Slett
  2. Det første jeg gjorde da jeg fikk vite at jeg kom inn på skole her, i 2008, var å vandre til byen og handle støvler. Jeg har de samme den dag i dag, fire år senere. :P

    SvarSlett
  3. Da jeg skulle gå over veien for et par dager siden, hoppa jeg fra fortauskanten og ned i en gigantisk, USYNLIG søledam-innsjø som lå over veien. I mine hullete converse. Det var deilig :D ... Har bodd her i 4 år og fikk mine første støvler til bursdagen min for et par uker siden. De var for små. Så da var jeg like langt.

    SvarSlett
  4. Støvler er fantastisk. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja. <3 Og dine er jo veldig fine! Med snøring og alt slags.

      Slett
  5. Oi, så fin regnboge! Dobbel, jo.

    SvarSlett