onsdag 5. september 2012

Haustteikn

Sist veke kommenterte eg på eit innlegg på bloggen til Helene der eg sa eg skulle gå tur, men på grunn av nokre veldig fine distraksjonar så vart planane mine endra. På onsdag kom ein av mine beste vener, Guro, og kjærasten hennar til Bergen og var her i to dagar. Dagen etter kom bømlingen min på besøk og plutseleg var veka over. Men i går, kjære vener, då trassa eg regn, vind og kvalme og var ute i eit par timar på fyrste del av den runden eg plar ta langs gatene her. Eg ville helst gå meir, men eg fraus og var svolten, så det får vente til ein annan dag.







På turen gøymde eg to lappar i trestammane på Nordnes, her er den eine:





8 kommentarer:

  1. Så fine bilete og ord. Klem frå meg.

    SvarSlett
  2. Vakre Bergen <3 Takk for at du delte haustbilete derfrå. Det slår meg no at eg berre har vore der tidleg på året.

    SvarSlett
  3. Eg blir så glad av å lese innlegga dine :D

    SvarSlett
  4. Koselige bilder. Du burde legge sånne lapper i alle trærne i hele Bergen. Da er det mange som blir glade. <3

    SvarSlett
    Svar
    1. I'll do my best! Er berre redd dei kjem til å regne/blåse bort.

      Slett