Det er
overraskande lett å gløyme at du som les denne bloggen ikkje nødvendigvis
kjenner meg. At eg ikkje berre kan sende deg ei melding og spørje om du vil ta
ein kopp te, sjå ein film eller gå ein tur bort til Nordnes, heilt til Akvariet
og så tilbake langs Strandgaten og ned til Bryggen, inn til der den store
trefisken og ynskjebrønnen er.
***
Eg var
ulukkeleg forelska i ein mann med altfor mange ansikt i nesten seks år, og eg
skjønte ikkje kor mykje det forma meg i dei åra fordi eg var for opptatt med å
leve det og vere i det. Tankeflugene mine var for opptatt med å fantasere og
drøyme og analysere og overanalysere heilt til eg var ein klump som græt, var
ekstatisk av glede eller eit nervevrak, avhengig av kvar me var i den forvridde
syklusen vår.
Med andre
ord så er det ikkje rart om du ikkje skjøner kor stort og utruleg og tidvis uverkeleg
det er for meg å kunne skrive at eg har ein å elske som elskar meg tilbake. Ein som gir meg sommarfuglar i magen, ein eg kan vere fullstendig ærleg med og som får meg til å le sjølv når eg græt. Ein som ikkje berre er kjærasten min, men som òg er min beste ven.
Så i det
store biletet, når mørkret ikkje vert for overveldande og panikken for studiet
er litt på avstand, så har eg det vedunderleg fint. Eg har ein å sovne
ved sida av som vekkjer meg ved å halde rundt meg med heile kroppen, før me
står opp og har frukost i lag. Det finst ingen(ting) betre.