mandag 18. februar 2013

Det finst ingen(ting) betre


Det er overraskande lett å gløyme at du som les denne bloggen ikkje nødvendigvis kjenner meg. At eg ikkje berre kan sende deg ei melding og spørje om du vil ta ein kopp te, sjå ein film eller gå ein tur bort til Nordnes, heilt til Akvariet og så tilbake langs Strandgaten og ned til Bryggen, inn til der den store trefisken og ynskjebrønnen er.

***

Eg var ulukkeleg forelska i ein mann med altfor mange ansikt i nesten seks år, og eg skjønte ikkje kor mykje det forma meg i dei åra fordi eg var for opptatt med å leve det og vere i det. Tankeflugene mine var for opptatt med å fantasere og drøyme og analysere og overanalysere heilt til eg var ein klump som græt, var ekstatisk av glede eller eit nervevrak, avhengig av kvar me var i den forvridde syklusen vår.

Med andre ord så er det ikkje rart om du ikkje skjøner kor stort og utruleg og tidvis uverkeleg det er for meg å kunne skrive at eg har ein å elske som elskar meg tilbake. Ein som gir meg sommarfuglar i magen, ein eg kan vere fullstendig ærleg med og som får meg til å le sjølv når eg græt. Ein som ikkje berre er kjærasten min, men som òg er min beste ven.


Så i det store biletet, når mørkret ikkje vert for overveldande og panikken for studiet er litt på avstand, så har eg det vedunderleg fint. Eg har ein å sovne ved sida av som vekkjer meg ved å halde rundt meg med heile kroppen, før me står opp og har frukost i lag. Det finst ingen(ting) betre.

7 kommentarer:

  1. Åh <3 Og ingen fortjener det mer.

    SvarSlett
  2. han har like smilerynker som bruce willis!

    SvarSlett
  3. Du fortjene sånn å ha det bra <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, kjære deg, og likeså! <3

      Slett
  4. (eg var heilt sikker på at eg hadde kommentert, men sånn går det når eg leser det midt på natta då eg var så vidt våken)

    Eg blir så glad for å lese dette og at du har ein i livet ditt som får deg til å bli glad fordi det fortjener du *hjartehjarte*

    SvarSlett