mandag 18. mars 2013

Blikkontakt

"Denne er til deg," sa ho. "Denne blomen er til deg." Ho såg meg inn i auga og eg hadde meir blikkontakt med henne enn eg hadde hatt med mannen min den siste månaden.

Eg kom tilbake, kvar dag, fleire gonger til dagen. Gjekk omvegar for å kunne vere nær henne. Valde å gjere ærend på butikkar eg tidlegare aldri hadde besøkt for å kunne dele eit blikk, ei stille stund, med ein total framand. Og i det augeblikket var eg ikkje åleine, tankane mine var delt med eit anna menneske i dei sekunda me såg kvarandre inn i auga og eg vart fylt med energi. Ein ny type energi eg ikkje hadde følt før.

Mannen min merka ei endring i meg. Han byrja å fylgje etter meg på veg til jobb, sa han kunne køyre meg om det var noko eg trong, sa han ikkje skjønte kva som hadde skjedd med meg. Sa han ikkje kjente meg igjen lenger, denne kvinna med farge i kinna og blomstrete kjolar.

Eg fortalde han at eg hadde møtt nokon som endeleg såg meg for den eg var.

***

4 kommentarer: