torsdag 25. april 2013

Her eg sit

- høyrer eg vind fly gjennom peisen; det lagar den same lyden som når nasen min er tett og eg prøver å puste

- høyrer eg fuglesong frå trea utanfor huset og får lyst til å syngje sjølv, men finn ikkje stemmen min igjen

- kjenner eg varme frå Macen eg har på fanget og kjærastegenseren eg har på meg

- vil eg gråte og smile og skrive og lytte og lage mat og kysse og elske og gå tur og sjå seriar og lese og helst gjere alt på ein gong

- føler eg smerta til personar som ikkje finst

veit eg ikkje om eg vil sitje lenger, eg burde gjere noko, redde verda eller bake ei kake (I could bake a cake, my kitchen is small but I could clear the space)

vil eg sitje så lenge det er mogleg

10 kommentarer:

  1. Så nydelig tekst! Høres ut som et vakkert øyeblikk.

    SvarSlett
  2. fuck it - i'm gonna go to australia.

    hvilke mennesker? bok, film, serie?

    jeg savner deg så veldig.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg saknar deg òg, kjære.

      Akkurat i det augeblikket var det studentar på ein episode av Law and Order: SVU (som eg vanlegvis ikkje ser på, men CSI hadde pause og eg trong noko for å sleppe å tenkje så mykje).

      Slett
    2. sånn angående krim så burde du se på silent witness. jeg har bare sett fra sesong åtte og utover men kan gå veldig god for den halvdelen av serien.

      Slett
    3. Har sett og er glad i. Leo <3

      Slett