tirsdag 25. juni 2013

Birte og bømlingen hennar i Bremen: 2013

Både kjærasten og eg har fått jobb denne sommaren, noko som er bra for økonomien, men som tyder at me ikkje får sett kvarandre så ofte. I alle fall ikkje samanlikna med i fjor. Difor tok me ein retur til Bremen frå torsdag til søndag sist veke, etter eg hadde vore på opplæring og før begge skulle byrje å jobbe for fullt. Som sist vart det ikkje så mange bilete, eg ville vere i augeblikka med han, men nokre glimt frå turen har eg og her får de eit knippe av dei.








Fredag kveld føreslo bømlingen min at laurdagen kunne gå til å besøke ein annan by, slik som me gjorde i fjor då me drog til Oldenburg. I år valde me Bremerhaven, ein hamneby som driv med mykje bileksport der me var überturistar og hoppa på ein elvesightseeing, og kvar gong me skulle ete var me så svoltne at det vart ikkje bilete av maten.










Trygt tilbake i Bremen testa me ut Tom & Karo, ein av fleire veganrestaurantar/-kafear i byen. Bømlingen min er stort sett altetande og eg synest det er veldig koseleg når han et veganmat med meg. Maten på Tom & Karo var veldig god, men fordi me ikkje toler kveite noko særleg så vart me dårlege begge to. Livet som allergikar, mine damer og herrar.


Søndag morgon hadde me ein lang og roleg frukost, og etter å ha drukke over halvparten av latten min fann eg eit hjarte i skummet.


Og plutseleg var me heime i Noreg og måtte bruke ytterjakke igjen.

Neste gong trur eg turen kjem til å gå til Storbritannia. Me er glad i staden begge to og eg saknar å høyre engelsk rundt meg.

10 kommentarer:

  1. Så mange fine bilete, det virker som dåke har hatt ein fin tur. Blir spennande å sjå kor turen går neste gong :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, det var det! Håper du hadde ein fin tur til Krakow. :)

      Slett
  2. Ahw, det hørtes så koselig ut! Lykke til med jobb i sommer, blir godt med litt penger. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var veldig koseleg og over altfor fort!
      Takk, ja, dei pengane treng eg sårt. Håper du har ein fin sommar. <3

      Slett
  3. Mmm, så ut som veldig god mat! Ser ut som en fin tur. Er sååå reisesyk, men blir nok ingen ferie på oss i sommer.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var det! Eigaren på Vegefarm der dei fyrste matbileta er i frå hugsa oss igjen sjølv om me berre var der ein gong i fjor og det var 11 månadar sidan. :P
      Om me skulle få til ein tur i sommar, måtte det skje då, no som me har sommarjobb begge to. Litt kjipt, men me får halve og heile helger i lag og gudane veit me treng pengane. Håper du/de får ein fin ferie, tur eller ikkje! :)

      Slett
  4. The food looks like delicious !
    Xxo

    http://freedame-fashion.blogspot.com

    SvarSlett