Eg har verda i handa mi og gull i håret, men ingen fuglar på taket. Eg har blondegardiner som eg kan trekkje framfor auga dine, eg kan dykke ned i djupet ditt og fylle deg til randen av fyrverkeri, men eg veit ikkje kva du liker best av te og kaffi.
Du søv i armkroken min når eg fiskar deg inn, men det du vil mest er å leve i draumane dine.
Eg har verda i handa mi og gull i håret, men eg kan ikkje få deg
til å danse,
til å syngje,
til å elske,
til å leve.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar