fredag 11. oktober 2013

Om å lukke auga og lytte

Ho går gatelangs med regn som dryp frå hårtuppane, frå nasen, lurer seg ned i nakken og trenger gjennom lag av ull og polyester, heilt inn til huda som helst vil vere åleine, borte frå alt anna. Ho kjenner desse gatene, lyktestolpane, husa, butikkane. Ho ser seg ikkje rundt før ho kryssar vegen, ho berre lyttar. Å lytte er så mykje ærlegare enn å sjå.

Ho lukkar auga og lyttar når han seier at han elskar henne, for å høyre om han meiner det, og når han spør kvifor ho lukkar auga når han vil ha blikkontakt, så seier ho at det er fordi ho lever etter den Beatlessongen ho høyrde då ho gjekk på ungdomsskulen. Den som er så sann og vakker og trist på same tid. Og så nynnar ho på den songen, syng nokre linjer og drøymer seg bort til sommarkveldar på stranda, bål og nakne kroppar med gåsehud i det dei kjem opp frå vatnet.

Det er mørkt ute no. Ho kjenner lukta av middagar som vert gjort i stand heime hjå familiar ho aldri kjem til å møte, men som vil finne veg inn i hjartet hennar fordi dei lagar chana masala og det minner henne om han ho elska ein gong, for lenge sidan, og kor glad han var den ettermiddagen i London då han tok handa hennar og spurde om dei skulle ete under stjernene.

Gatene er kalde, det luktar som om det skal til å snø og ho stoppar opp eit augeblikk, set seg på kne og legg hendene inntil steinplatene med frostmosaikk og glitter. Alt ho ynskjer seg er ein kopp kakao og ei varm omfamning. Ho reiser seg sakte opp, lukkar auga og går over til gata som tar henne heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar