onsdag 8. januar 2014

Den finaste julegåva i verda

Som nemnt feira bømlingen min og eg jul i lag for fyrste gong denne ferien, saman med familien min. Gåva mi frå han var ganske stor, men lett, og eg var utruleg spent og nyfiken på kva det kunne vere, spesielt sidan han hadde sagt at han ikkje var sikker på om eg kom til å like ho. Lite visste eg at han hadde lurt meg trill rundt, og då eg opna eska og såg nedi, låg det eit papirfly oppi der det stod London på begge sider!

Med andre ord: 24.-27. januar skal me på kjærastetur til London og her er nokre av tinga eg kan tenkje meg å oppleve med han, sjølv om me sikkert ikkje får tid til alt.

- Besøke Poirotbygningen



- Beundre planteveggen, kleda, bøkene og alle dei andre vedunderlege tinga dei har på Anthropologie



- Drikke te i sjuande etasje av Waterstones


- Verte eit barn igjen på Hamleys


- Gå på teater





- Oppleve nye ting og nye stader






- Dra til Brick Lane, Camden, Covent Garden og Natural History Museum










- Ete god mat (spesielt på inSpiral)


- Besøke/sjå historiske bygningar





- Kjøpe (notat)bøker


- Og i det store og heile ha det superduperfint i lag

7 kommentarer:

  1. Anthropologie er fantastisk <3 Og london generelt egentlig! Pleie du gå på antikvitets/vintagebutikker? Så et bilde av en her, tar gjerne imot tips! Eg finne bare vintage klær, men hadde vært kjekt å sjekke ut litt ting og tang en gang !

    SvarSlett
    Svar
    1. Absolutt!
      Ja, eg liker det veldig godt. Antikvitets-/vintagebutikkar kan ein finne mange stader, til dømes i Notting Hill-området eller Camden, men det beste eg har vore på er laurdagsmarknaden i Brick Lane der biletet i innlegget er i frå, der var det utruleg mykje gøy og hadde eg hatt pengar, musklar og plass i kofferten hadde eg sikkert kjøpt med meg minst tre skrivemaskinar og platespelarar (sjølv om eg allereie har tre skrivemaskinar og ein platespelar frå før).

      Slett
  2. For ein superfin julepakke :D
    Dåke må kose dere ekstremt mykje og eg håpar at det blir lagt ut eit bilete eller to.
    Tommel opp
    <3

    SvarSlett
    Svar
    1. P.s Var faktisk innpå ulike sider i dag for å sjekke pris på fly til London, det har eg ikkje gjort på lenge

      Slett
    2. Tusen takk, det gjorde me. Håper du får tatt deg ein tur snart! :)

      Slett