onsdag 22. april 2015

Eg veit korleis kjærleik ser ut

Eg veit korleis kjærleik ser ut.

Eg kjenner kvart ansiktsuttrykk,
kvart tonefall,
kvar kvadratmillimeter av hud.

Eg kjenner kvart kyss.

Eg kjenner alle dei beste måtane å liggje ved sida av kvarandre utan at armane sovnar,
og eg kjenner kjærleiken så godt at eg veit når han treng fred.

Eg kjenner kjærleiken fordi eg sovnar ved sida av han kvar kveld
- alltid til venstre, same kvar me er -
og der drøymer eg dei vakraste draumane i mitt liv.

9 kommentarer:

  1. Vakkert <3 Du er fin!

    SvarSlett
  2. så deilig å vite at du har det fint og bedre enn fint! hils kjærleiken din! og gi lyd om du plutselig er i Oslo! <3
    Lotta

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skal helse og garantert helse tilbake! Skal absolutt gi lyd om eg er i Oslo. Saknar deg!

      Slett
    2. savn en milllion tilbake!

      Slett