tirsdag 6. april 2010

Tankar frå ein busstur (på etterskot)

Det viktigaste er kjærleiken.

I dag har eg mottatt seks tekstmeldingar og alle har vore frå mamma. Eg har site på ein buss der den andre av dei to kvinnene som vekselvis sat ved sida av meg heitte Evy, og begge hadde blondt hår. På ferja var det ein mann som nøys og høyrdest nesten ut som pappa, men pappa er heime og han gav meg ein god klem før eg dro.

Eg har i løpet av bussturen lese ei inderleg fin bok og tenkt kor godt eg likar ordet "inderleg". På bussen var det ei jente som var omtrent like gammal som Børre, og så lenge hovudpersonen var i New York, tenkte eg på Nøve, medan eg tenkte på Mariell gjennom heile boka.

Ein dag skal eg dra til ein framand by og spørje folk kva som tyder mest for dei og om dei har nokon å elske. Til helga, når to skumle fyrsteutkast har vorte innlevert, skal eg sjå etter bankebrett og oppleve ein fin film.

Eg veit ikkje meininga med livet, meininga med å leve eller kva det tyder å "verte noko". Eg har få ambisjonar og små draumar, men eg veit at det viktigaste er kjærleiken. Det viktigaste er å elske.

Og så lurer eg på om forfalne hus vert triste når ingen gjer noko med at dei står der og døyr.

mandag 29. mars 2010

Djeveltimen

Det er ein ting som skjer når det er djevelens time og mora di har smitta deg med forkjølinga si, rett etter at di eiga vårlege forkjøling var over, slik at du sit med ei vond kribling i halsen og ein nase som verken går tom for gørr eller nys. Når det er så inderleg fint å sjå på gamle episodar av Gilmore Girls som du har sett så mange gonger at du veit alt som kjem til å skje i løpet av episoden, men du ler likevel på dei same plassane som om replikkane er nye for deg, og du får lyst til å gjere så utruleg mykje. Som å backpacke rundt i Europa og kysse nokon i ein daglegvarebutikk.

Og så seier dei noko som minnar deg om noko som skjedde i ditt eige liv, som når Lane stryk handa si gjennom håret til han korpsguten, litt på same måte som då du forsiktig rørte ved håret hans, berre for å kjenne korleis det føltest, og du skalv og var redd han kom til å merke det, eller flytte seg bort frå deg, men han vart verande. I det minste til han verkeleg drog. Og du byrjar å gråte av små augeblikk, kjenner det i hjartet og sjelen når Lorelai og Max kyssar kvarandre og Luke ser det, fordi sjølvsagt vert Lorelai og Luke saman til slutt, dei er meint for kvarandre, men dei byrjar ikkje gå på stemnemøte før sesong fire og dei vert ikkje saman for godt før serieavsluttinga i sesong sju, og det er alt for lenge til. Og du lurer på om det finst ein slik Luke for deg, kanskje mest av alt fordi det er vår, og fordi han sitt hår du rørte ved eigentleg aldri brydde seg så mykje som du ville han skulle, trass i orda han sa og handlingane han gjorde. Trass i komplimenta og Piafturane. Men han er der likevel, i hovudet og hjartet ditt, og han kjem alltid til å vere der, det vert ikkje mindre sant sjølv om du har skrive det før. Men kanskje han ikkje er Luke, fordi hadde han vore Luke, hadde han visst det, burde han ha visst det, og du lengtar. Det er vår, og du er åleine, einsam i familieselskap. Du er glad i så veldig mange, elskar dei til og med, men det er ikkje det same som å ha nokon som gir deg sommarfuglar og full body chills. Og alt dette (og mykje, mykje meir) tenkjer du, medan det er djeveltimen og du burde ha sove for lengst. Men mora di har altså smitta deg med denne forkjølinga, og tårene kjem lett når tankeflugene får surre.

God natt. Og god påske. (Og unnskyld for at ytringar frå akkurat denne personen oftast heller mot det negative.)


fredag 26. mars 2010

Bake much?

Fordi morfar vart 80 på onsdag og me skal ha familieselskap i morgon. Og fordi eg elskar å bake. Og som eit slags svar til Lisa sitt spørsmål på om folk rundt omkring kan lage mat.










onsdag 24. mars 2010

Valkyrje and the seven facts

Fantastiske, smarte, søte, vakre (etc.) Nøve har gitt meg bloggpris, som visstnok tyder eg skal skrive sju fakta-/triviapunkt om meg sjølv. (Det var òg eit hint om at eg må blogge meir, og for dei som bryr seg: I will, eg føler berre ikkje eg har så mykje å seie these days.) Og eg skal eigentleg gi prisen vidare, men det punktet droppar eg fordi eg er such a rebel, så kan heller dei som har lyst til å lage si eiga liste gjere det.

Eg:
- skulle ynskje det var mogleg å erstatte søvn med puslespelpusling.

- har elska den same mannen i over fire år.

- har sidan 2010 starta lese 12 bøker and counting.

- elskar veldig mykje og ser ikkje poenget med å hate eller vere (lang)sint.

- lurer på om å studere litteratur og språk øydelegg kreativiteten/poesien min.

- hugsar ikkje lenger korleis vanleg frukt som eple og pære smaker.

- er redd for framtida, lever i fortida og lengtar etter å kunne vere i notida.

søndag 7. februar 2010

Å finne ro

Eg trur ulike menneske finn ro på ulike måtar. Nokon tyr til meditasjon eller religion, andre til alkohol eller narkotika, bøker, filmar, fotografering, maling, musikk... Whatever floats your boat.

For meg er det gjerne å bake/lage mat, men aller mest er det å pusle puslespel.