onsdag 16. mars 2011

Nesten vår

Nokre gonger burde det vere mogleg å få tida til å stå stille. Alle fortener eitt lydlaust minutt. Verda burde stanse når nokon døyr. Eg skjøner at livet må gå vidare, men berre eitt minutt? Ver så snill?

Ute er det haust, nesten vår. Du var så glad i å sjå blomane bløme, du pla nikke til dei i hagen på veg til jobb og eg såg på deg gjennom blondegardinene i kjøkenvindauget.

Kaffien er kald no.

Eg prøvde kome meg opp trappa, opp stigen til der du hadde hobbyrommet ditt, for å finne ut om det var der du gøymte deg, men så dukka ansiktet ditt opp på hornhinna mi og eg hugsa. Ikkje at eg hadde gløymt det, eg ville berre leve i ei anna røynd for ei stund. Du forstår det, gjer du ikkje?

Middagen svir seg i panna.

Grauten din står der og brenn seg fast medan dei siste hjarteslaga dine etsar seg inn i minnet mitt. Og eg hugsar ikkje ein gong kva det siste du sa til meg var. Etter alle desse åra. Gav eg deg ein klem før du dro?

søndag 13. mars 2011

Post Scriptum

I just blogged to say I love you.

torsdag 10. mars 2011

Sjå kva som kom i posten!

Florence + the Machine er magisk. Florence Welch har eit eige univers med melodiar som får deg til å ville danse og skru opp volumet så høgt som mogleg, og tekstar du vil rope ut frå toppen av studentbustaden din. Og etter å ha henta ein fin pakke i posten kan eg tilbringe nokre augeblikk i dette fantastiske universet kvar dag:











torsdag 3. mars 2011

Å

Å kjenne det varme andedraget ditt mot søkket i huden min før hals vert til bryst. Å stryke fingrane gjennom håret ditt og liggje heilt inntil deg. Å høyre at pusten din vert djupare. Raskare. Å ville kysse deg, men ikkje vere modig nok. Å ikkje ha nok tid. Å sjå toget forlate stasjonen, flyet lette frå bakken, og ville springe etter. Å tenkje på deg dagleg, men aldri fortelje det til deg. Å ynskje at kjærleik var slik som på film. Å ville leve for alltid i dei sekunda då du var nær meg. Å lytte til lyden av føtene dine på parketten. Å gråte når du lukkar døra. Å vite at du ikkje kjem tilbake. Å tatovere hjarte på kroppen berre du vil få sjå.

onsdag 2. mars 2011

75 %

Nokre gonger er ein nøydd til å leve livet om igjen, sjå eit klipp sytten gonger på rad og drøyme om det ein nesten hadde.

Nokre gonger er fiksjon og undermedvitne oppfyllingar så mykje betre enn røynd, men så sit ein plutseleg og et vafler og speler PartyAlias (og vinn, til og med), og med eitt følest ikkje livet så vanskeleg likevel. Sjølv om ein ikkje heilt veit kva utdanninga kjem til å føre til eller kvar ein kjem til å bu om få år. Fordi om hundre år er alt gløymt, og er det eigentleg så farleg å vere litt usikker og utrygg når ein har familie og vener ein elskar og som elskar ein tilbake? Og når ein framleis er ven med læraren som gjorde kvardagane til Gaultierduftande eventyr?

På toppen av (alt mogleg-)bokhylla står fugleburet Francesca, i karnappet ligg skrivemaskinen Pantoufle i ein koffert og på pulten står eit timeglas frå Krakow, som vil seie at eg er 25 % i frå å ha alt eg krev av ein framtidig bustad, og med vener som vert med på Oscarnetter, perlekveldar og vaffeldatar er eg klar til å møte verda med eit smil.