torsdag 3. mars 2011

Å

Å kjenne det varme andedraget ditt mot søkket i huden min før hals vert til bryst. Å stryke fingrane gjennom håret ditt og liggje heilt inntil deg. Å høyre at pusten din vert djupare. Raskare. Å ville kysse deg, men ikkje vere modig nok. Å ikkje ha nok tid. Å sjå toget forlate stasjonen, flyet lette frå bakken, og ville springe etter. Å tenkje på deg dagleg, men aldri fortelje det til deg. Å ynskje at kjærleik var slik som på film. Å ville leve for alltid i dei sekunda då du var nær meg. Å lytte til lyden av føtene dine på parketten. Å gråte når du lukkar døra. Å vite at du ikkje kjem tilbake. Å tatovere hjarte på kroppen berre du vil få sjå.

7 kommentarer:

  1. Nydeleg tekst og stilig teikning. Det var ekstra kjekt å få han på sms. Klem frå Elin Brit

    SvarSlett
  2. likedan som på sms: vemodig og nydelig. du er så god.

    SvarSlett
  3. Elin Brit: Takk. :) Teikninga er frå Gray's Anatomy with Original Illustrations by Henry Carter. *Klem tilbake*

    Ane: Takk for det. <3

    SvarSlett
  4. Nydelig tekst. Som alltid.


    :)

    SvarSlett
  5. 1. Eg synast det er vanskeleg å komme med ein passande kommentar, men det vil ikkje komme ut sånn eg vil, men det er nydeleg.

    2. Det er ein skam eg ikkje har kommentert.

    SvarSlett
  6. Takk, kjære deg. :)
    Glad i deg. <3

    SvarSlett