torsdag 12. februar 2009

Goodbye Yellow Brick Road

Eg har bakt muffins til fleire hundre år gamle tonar, komponert av herlege menn som Bach, Beethoven og Mozart. Muffinsane skal verta delt ut til mine kjære medelevar i morgon, fordi sjølv om muffins ikkje eksisterte då Wergeland levde, hadde han sikkert likt dei, og det er lettare å halde folk interessert om dei har noko anna å konsentrere seg om enn å titte ned på skjermane sine. Just saying...

Armane og hendene mine kjem til å vere overlessa i morgon. Sjølvlaga eske og brett med bakst, gymtøy og haiar. Og i slutten av dagen skal alt heim igjen, men då er brettet forhåpentlegvis/sannsynlegvis tømt, og eska overlevert. Fordi det er valentinsdag på laurdag! Eg har enno ikkje opplevd å feire dagen med ein faktisk kjærast (utanom ektemannen min, men han er vekkreist mykje av tida...), og skal heller feire at eg lever og smiler. Og ikkje minst at det då berre er ei veke til vinterferie, fordi eg har godt av å kunne sove lenger enn til 05.45.

Elton John vert spelt av på Windows Media Player fordi eg eigentleg skal gå igjennom all musikken eg har frå A til... 4 (iTunes er weird), så eg juksar. WMP vert jo ikkje registrert på last.fm! Elton John kjem til Haugesund og skal ha konsert 18. juni. Elton John kjem til å ha ein veldig ivrig Birte i publikum! Det ser ut til å verta eit bra halvår, kulturelt sett. Fredag neste veke skal klassen på teater, eit teaterstykke eg hadde tenkt å sjå i haust, men som eg ikkje fekk sjanse til, så yay for det! 15. mars skal eg sjå yndlingsbandet mitt live, og 27. mars skal eg igjen få le av påfunna til Noregs 2. herlegaste kvinne (Liv Ullmann er nr. 1); Anne-Kat. Hærland. Eg gler meg!

27 kommentarer:

  1. WHii så bra! :D

    Får eg o muffins? :P *ser fint på og logre*

    Blir ein del å drassa på i måro, ja. Typisk fredag.

    Huhum, eg ska feiran med Lou. ^^

    Har du nåken gong hoppa når du har vore på konsert? Eg ser det liksom ikkje heilt for meg, samtidig som eg gjørr det. Ka kalles det? TVISYN! xD

    SvarSlett
  2. Dei er flinke. Klassisk musikk er herleg å høyre på.

    Heldiggrisane dei som skal få, hadde ikkje hatt noko i mot å ete nokon av dei, hehe.
    Skulle ønska eg hadde like kreative evner som deg.

    Oi, det visste eg ikkje. Kor skal han spela? Eg vil. Kanskje eg kan smiske med mamma og dei, hehe :p

    SvarSlett
  3. Hilður: Dersom det er nok, eg har 22, men tenkte at nokre sikkert er vekke, og at om det held akkurat, så treng ikkje me på gruppa få. Men om det er igjen: sjølvsagt! :D

    Hmpf, ja...

    Haha, ja, eg har hoppa på konsert fleire gonger. Mest ekstreme var Arcade Fire på Hove, hoppa stort sett gjennom heile konserten, som varte rundt ein time. Heile publikum hoppa der, det var... enormt, fantabelastisk! Bra du har lært noko av Kari i dag. :P

    Lene: Mmm, ja! :D

    Awh, me må møtast igjen snart, så kan du få!

    Han skal spele på Rådhusplassen. :D

    SvarSlett
  4. 10hihi :D


    Eg trur eg ikkkje hadde hatt godt av å sjå han live. Kor mykje kostar det?

    SvarSlett
  5. Eg va midt i eit hopp den gongen Nils kom bort. xD

    Hopping e gøy. :D Men det kjennes kje så bra ut i beino neste dag, med mindre ein har god spenst. :/

    SvarSlett
  6. Og ":D" te den med muffinsane. :P

    SvarSlett
  7. Det så e med deg, B, e at du sette ord på de herlige små tingene i livet. :D

    SvarSlett
  8. Lene: Kvifor ikkje? Standardbillett kostar rundt 800, så ja, det er dyrt, men det er Elton John ffs!

    Hilður: Hahaha, uff. xD Eg hadde generelt vondt heile den veka sidan eg måtte sove i telt med tyyyyynt liggjeunderlag og gå/stå heile dagen, omtrent, så ryggen vart myrda og den hoppinga gjorde ikkje så mykje fra eller til, trur eg. :P

    Angela: Awh, vel, det er jo dei som er viktigast i det store og heile, er det ikkje? :)

    SvarSlett
  9. Fordi det er Elton John. Tårene hadde sikkert runne ned :p

    Skal spør mamma om eg kan få det til bursdagen min :D

    SvarSlett
  10. Val: There isn't any left. =/ I didn't get one either, though...

    Lene: Men det er jo då det er best, når det verkeleg tyder noko!

    Oooh, ja! :D

    SvarSlett
  11. I don't care, I want muffins xD

    SvarSlett
  12. Aw, så bra! Misunnelig på Anne Kat. Hærland showet du skal på! Det blir bra, vet du.

    SvarSlett
  13. Val: Sorry...

    Ane: Yes, indeed! Tatt av vinen var i alle fall fab. :D

    SvarSlett
  14. Gleder meg til Anne-Kath. Det er fint å ha mammaer som gir fine bursdagspresanger i form av billetter. Muffinen var veldig god.

    SvarSlett
  15. So... When am I getting one?

    SvarSlett
  16. Muffinsen var god :D Og eg hadde både muffins, sjokolade OG doc, så eg trengte ikke skjermen min engang. Og dåkke hadde så mange fine bilder :D

    SvarSlett
  17. åååh mmmm muffins.

    Forresten; å hoppe på konsert er jo halve opplevelsen! Hvertfall. På The Cure hoppa og sang jeg konstant i hvertfall tre timer (og jeg må bemerke at jeg ikke hadde spist noe mer enn en bolle hele den dagen). Har aldri vært mer slitsom eller lykkelig.

    Jeg savner så å ha en person jeg bare kan gå bort til å klemme uten en "unnskyldning"! Du må besøke meg en gang. Maaaybe when I'm like.. 18? 09.09.09! Too bad it's a Wednesday, or something.

    SvarSlett
  18. "slitsom"? Hvor trøtt er jeg? (jeg var sikkert det også, men) sliten***

    SvarSlett
  19. Ååh, så heldig du er som skal på både Elton John og Anne Kat :)

    SvarSlett
  20. Takk for muffinsen, men klarte ikkje heilt å følga med fordiom :P

    Ka e yndlingsbande ditt da? =)

    E gla på dine vegne som ska få se Elton John live, d e litt av ein opplevelse! :D

    SvarSlett
  21. Happy Valentine btw. Du har nå noen gode grunnar t å feira den allikavel da :)

    SvarSlett
  22. Val: Uhm... next time I make some?

    Kristin: Awh, det var bra! :)

    Guro: Ja, I know, hopping ftw! Men er ikkje alle konsertar det passar til. Rufus Wainwright til dømes, då sat me til og med på stolar, så... :P

    Awh, ja, det vil eg gjerne!

    Ida: Ja, eg gler meg veldig! :D Og så Antony and the Johnsons i tillegg!

    Floyd: Haha, tullingen. :P

    Yndlingsbandet mitt er Antony and the Johnsons. :)

    Ja, eg gler meg så utruleg mykje!

    Happy Valentine til deg òg. :)

    SvarSlett
  23. Jeg skulle ønske du kunne se Guys and Dolls også, jeg.

    SvarSlett