mandag 2. februar 2009

My beloved monster

Mest tenkjer eg på korleis alt ser ut til å ha ein personlegdom; klassar, år - og korleis alle likevel kan gli inn i kvarandre, om ein ikkje er forsiktig. Solstråler vert ikkje meir enn du gjer dei til, og snøen må til slutt smelte.


Og inst inne håpar eg framleis at du skal ta kontakt, sjølv om eg ikkje vil vedgå det, sjølv om eg prøver å halde tankeflugene lengst mogleg borte, så vil eg ha deg tilbake, om berre for ei lita stund. Kanskje eg er ein masochist, ein kjenslemessig masochist. Kanskje det er det som bør verta sagt under ei framtidig minnestund. "Birte var eit godt menneske, men følte for mykje. Ho var ein kjenslemessig masochist, og elska aller høgast dei ho ikkje kunne få."


No skal eg prøve å hugse alt som skjedde i verda frå 1870 til 1918 (+/-).

11 kommentarer:

  1. Men eg syns kje an har fortjent å ha kontakt med deg. Sånn som han behandle deg.

    Eg prøve å huska "Usbekistan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Turkmenistan", men det e litt vanskelig. :-P

    SvarSlett
  2. Nei, han har eigentleg ikkje det, men eg ynskjer det likevel...

    Haha, ja. Du får heller skrive "Ja, og så tok Russland kontroll over alle dei -stan-landa." xD

    SvarSlett
  3. Hehe, e sånn eg pleie gjer når eg kje huske nåke. :-P På ein prøve i sløyd i 10.klasse, skreiv eg "alle dei dingsebomsane". (:

    SvarSlett
  4. Haha, ja, sikkert lurt... :P


    Eg kjem på meir og meir eg burde/kunne (men eigentleg ikkje, fordi eg hadde ikkje tid) ha skrive.

    SvarSlett
  5. Sånn e det alltid, Bierre!

    SvarSlett
  6. Lykke til med prøva. Hvordan gikk det? Jeg håper det går bra med deg.

    SvarSlett
  7. Som vanleg, når det er historieprøve, fekk eg ikkje skrive like mykje som eg ville. Når det vert "svare mest mogleg utdjupande, men ikkje ha tid til å svare på alle oppgåvene" vs. "skrive litt mindre utdjupande, men få tid til å svare på alle", så må eg rett og slett gå for den siste. Håpar det gjekk bra. Eg vil veldig gjerne behalde den seksaren eg har i historie, er veldig glad i han...

    Eg har det betre enn ein skulle tru. Håpar det går bra med deg òg. :)

    SvarSlett