søndag 1. mars 2009

Ikkje-eksisterande dagar (og menn)

I fylgje hovudet mitt var fredag laurdag, og laurdag søndag, difor eksisterer ikkje denne dagen, sidan eg ikkje skal på skulen før i morgon. (It makes sense, I swear!) Eg trur eg er tilbake til 2006 òg, det er juli og han har bursdag, vert 38 år, men det visste eg ikkje då, at bursdagen hans var 30. juli, ein dato eg alltid kjem til å hugse, men som eg ikkje får lov til å notere i årsplanleggjaren min. Sjølv å sjå The Curious Case of Benjamin Button på kino ein gong til, hjelpte ikkje.

No ser eg på Elton John: The Red Piano Show som eg har fått låne av Floyd. Elton er herrrrrlich, eg gler meg meir og meir til juni! Eg gler meg òg til å sjå Gatsby igjen, håpar han har hatt det fint i ferien, og at det gjeld for dykk der ute i den store verda òg. Har de gjort noko spanande? På fredag var eg i Stavanger og klarte som alltid å bruke litt pengar, blant anna på eit blått Gina Tricot-skjørt. It's cute! Og nokre übersexy sko som eg sannsynlegvis aldri kjem til å gå med, men dei kosta berre 100 kr. Om ikkje anna får dei stå i eit framtidig bibliotek/kontor.

10 kommentarer:

  1. Jeg syns den ikke-eksisterende dagen din gav veldig med mening! :)

    SvarSlett
  2. Dagane mine har vore litt opp-ner dei òg.

    Gleda meg te å sjå skjørtet. :D

    SvarSlett
  3. Bra du likte konserten :) Bare sei ifra dersom du vil se den ijen :P

    SvarSlett
  4. Bilder av nytt skjørt og sko? :)

    SvarSlett
  5. Floyd: You bet! :D

    Angela: Ja, kan kanskje ta i dag. :)

    SvarSlett
  6. Aw, så gøy! Det er så artig å shoppe. Men jeg skal innrømme det- jeg begynner å bli lat. Jeg bestiller mer og mer fra nettet. Uff. :P

    SvarSlett
  7. piktøøøørsj! :D og av og til forsvinner dager, sånn er det bare

    SvarSlett