søndag 9. mai 2010

I blant

I blant må ein få lov til å vere skikkeleg jentete og vere litt for sein ut til bilen, fordi kjolen ein eigentleg skulle ha på seg var upraktisk å sitje i, så ein prøvde tre andre kjolar der den ein enda opp med var den som stroppen sleit seg på forleden dag, slik at ein må leite febrilsk etter ei sikringsnål for å halde ho på plass. Og så bruker ein det nye underskjørtet med avtagbar sløyfe, og alt verkar så mykje betre når ein har eit skjørt som minnar litt om den nydelege, prikkete kjolen Carrie har i seriefinalen av Sex and the City. Og ein føler seg jentete, men på eit koseleg vis, når ein endeleg sit i bilen og seier at ein hadde ei "kjolekrise".

I blant må ein vere den fyrste til å reise seg i teatersalen for å gi ståande applaus, og det kriblar i heile kroppen når resten av publikummet reiser seg opp etter ein.

I blant må ein gråte og smile på same tid, og vere oppe alt for lenge og ta bilete av ting ein elskar.

Og i blant må ein få knute i magen, fordi på fredag er det eksamen, eksamen som kjempemange stryk på, men familie og vener er det finaste som finst, og tenk, det finst teater! Det finst teater og film og litteratur og musikk og fotografi og små barn som går rundt og blåser såpebobler, og ute er det sol og blå himmel og skyer som ser ut som marshmallows og sukkerspinn, og det er vår!

Så sjølv om livet er skummelt, og ein aldri kan vite sikkert kva som ventar, så finst det kunst og kjærleik og vin, det finst folk som arbeidar kvar dag for å hjelpe andre, og kvar 17. mai er det nokon som mistar tak på heliumballongen sin slik at alle står og ser opp i lufta på same tid, på fisken som plutseleg kunne fly.





11 kommentarer:

  1. Virka som om du likte teatret? :D

    Du klare eksamen fint! Det finnes dummare folk enn deg som ska ta an!

    SvarSlett
  2. Val: <3 :D (You always write a heart. xD)

    Angela: :)

    Nøve: Elsk på deg! <3

    Hilður: Ja! :D

    Haha, jo takk. :P

    SvarSlett
  3. av og til gjer ein noko utanomdetvanlege, og gløymer seg sjølve og berre er til.

    SvarSlett
  4. Ja, ikkje sant, du får sagt det du. Livet er herleg, trass i eksamen. Lukke til!

    SvarSlett
  5. Karina: Ja, det er nokre herlege opplevingar. :)

    Elin Brit: Tusen takk, det kjem eg til å trenge! :) Lukke til til deg òg. <3

    SvarSlett
  6. Noen dager er det lov til å ha på de fineste øredobbene selv om det bare er en vanlig mandag.

    SvarSlett