onsdag 18. august 2010

Å kjenne (og elske) seg sjølv

Eg har aldri vore ein særleg utadvendt person, men eg seier i frå når noko er verdt å setje spørjeteikn ved. Eg har ikkje hatt ein kjærast sidan 8. klasse, men eg tør prate med verdskjente skodespelarar eg forgudar. Eg har mild sjølvdiagnostisert OCD, og sjølv om eg elskar menneske har eg tidvis tilfelle av sosial angst som eg trur sommarjobben min har hjelpt meg takle.

Denne sommaren har eg fyrst og fremst gjort meg meir kjent med meg sjølv. Kanskje eg ikkje har lært så mykje, men heller innsett ting. Som at eg:
- moglegvis ikkje endar opp som lektor, men likevel vil fullføre studiet slik at eg har sjanse til å jobbe som det om det er noko eg kan tenkje meg etter fem år ved universitetet.
- føler eit sterkt behov for å bu i England når eg er ferdig med mastergraden min. Eg kan ikkje vente med å bu der til eg er pensjonist.
- synest teater er det beste i verda (men det visste eg allereie).

Eg kan verte nervøs av bagatellar, men eg har møtt og snakka med nesten-ektemannen min, og i dag vart eg intervjua om det. Eg saknar Vardafjell og veit at åra der er minne eg må ta godt vare på, og i morgon skal eg innom og besøke Alice og gratulere Gatsby med dagen. Og sjølv om eg har fleire allergiar enn kva burde vere mogleg, kan eg likevel bake fantabulous kaker og servere dei til småstressa journalistar.

19 kommentarer:

  1. Du er fantastisk, vet du det?

    SvarSlett
  2. Det er viktig å bruke tid på å bli kjent med seg selv. Jeg har også hatt en sånn sommer, og byggesteinene inne i hodet er endelig organisert på en måte som føles riktig. Du må forresten fremdeles lese Eat, Pray, Love. Og jeg er glad i deg. <3

    SvarSlett
  3. Awh, yay! Ja, eg skal det. :) Kan eg låne av deg?
    Eg er glad i deg òg. <3

    SvarSlett
  4. Ka e det egentlig som har vært sommarjobben din? :)

    SvarSlett
  5. Kako såg god ut. :D

    Kim blei du intervjua av? Detta har du kje sagt nåke om...? :P

    SvarSlett
  6. Angela: Eg har jobba på Meny på Aksdal, har for det meste site i kassen.

    Hilður: Ho er/vart god òg. :D

    Pfft, skreiv det på Facebook. :P Ei frå Tysvær Bygdeblad, heitte Ingvild Sjo.

    SvarSlett
  7. Så bra. :D

    Hæ? Ikkje på melding, vel? :o Då må eg ha svart i søvne! Og eg e nesten kje innpå Facebook lengre, klara kje få med meg alle statusoppdateringane. xD

    SvarSlett
  8. Neidå, berre Facebookstatus and such. :)

    SvarSlett
  9. Høres ut som du begynner å skisse fram framtiden. Det er bra. :) I wish you luck! Selv om du egentlig ikke trenger det.

    SvarSlett
  10. hvorfor ikke lektor lenger?
    det er alltid fint å oppdage ting om seg selv.

    SvarSlett
  11. Sannsynlegvis lektor, berre ikkje med ein gong. Eg må sjå det litt an.

    SvarSlett
  12. Ja, det kan du. Kan sikkert ta den med neste gang vi møtes. :)

    SvarSlett
  13. Eg forstår korleis du har det på til tider. Skulle ønska eg visste ting for fleire år sidan isteden for i vår, men betre seint enn aldri.

    Eg er utroleg glad i deg :)

    SvarSlett