onsdag 13. oktober 2010

Alt ordnar seg

Eg har sett ein mann verte kasta opp i lufta
og andre strøyme til,
men ikkje for å hjelpe.

Eg har sett kvite hestar utan riddarar i rustning,
eg har sett ein raud riddar utan hest.

Eit heilt hundreår stira eg på regnet,
talde regndropar,
talde dagane til blomane igjen ville bløme.

I haustblada kjærteikna eg årene,
livslinjene,
bad dei fortelje meg korleis det føltest å
miste fargen
og falle.

Dei visste ikkje kva eg snakka om.

"Dette er meint å vere,"
sa dei.
"Dette har trea kviskra til oss
heilt sidan me så vidt var
synlege,
medan tåka dreiv over fjella."

Me sat i ei lysning omgitt av
fargeeksplosjonar,
og for fyrste gong følte eg ro.
Dette er meint å vere.

Alt ordnar seg.

Berre hugs å puste.

6 kommentarer: