torsdag 18. november 2010

Lang dags ferd mot natt

God kunst, verkeleg fabelaktig kunst, gjer deg skjelven. I sommar var det All My Sons, og i kveld var det Lang dags ferd mot natt. Etter å ha gitt ståande applaus og skodespelarane har måtte kome ut på scenen fire gonger, prøver du å forlate salen og beina dine, ja, heile kroppen din følest som om du har hatt litt for mykje vin, men det einaste du er full på, full av, er kjensler. Du har ein tornado inni deg, ein klump i magen, eit blødande hjarte, og om du er heldig nok får du til tider møtt nokre av desse personane som gjer deg slik. Som gjer deg til eit takknemleg vrak.

For meg finst det tre verkeleg store, kvinnelege skodespelarar i verda: Meryl Streep, Helen Mirren og Liv Ullmann, og i kveld fekk eg møtt Liv Ullmann. Mi norske heltinne. Ein fantastisk skodespelar, og eit vakkert og fantastisk menneske. Lang dags ferd mot natt var out of this world-amazing og då eg sa til Liv at det var nydeleg, men hjarteskjerande, heldt ho meg i handa og sa at det skulle vere hjarteskjerande. Ho signerte teaterprogrammet mitt, og eg sa det var ei ære å få møte henne og at eg beundrar henne høgt, to which she replied at det var ei stor glede.

9 kommentarer:

  1. Å, så kjekt å lesa. Du blir rik på opplevingar. Klem frå Elin Brit

    SvarSlett
  2. Må vere noko av det beste å verte rik på. :)

    SvarSlett
  3. (GAH! Alt eg hadde skreve forsvant plutselig!!)

    E enig med Elin Brit - og det e så herlig å sitta igjen med sånne følelsar og opplevelsar itte hendelsar og opptredenar etc. Syns det e ganske kult å tenka på kor mången av dei du ser opp te, som du har møtt! :)

    Du fortjene det!

    SvarSlett
  4. (How rude!)

    Definitivt. :) Ja, det er quite magical. <3

    Takk!

    SvarSlett
  5. Så herleg. Skulle ønska me budde nærmare kvarandre sånn me kunne gått på slike ting saman <3


    - Lene

    SvarSlett
  6. Blir bare sittende å smile etter silke innlegg! :D

    SvarSlett
  7. Lene: Me too. <3

    Angela: Awh, så kjekt! :D

    SvarSlett
  8. Så deilig! Måtte det bli mange slike opplevelser i fremtiden :)

    SvarSlett
  9. Nøve: <3

    Katrine: Ja, det var det! :D Takk, eg håpar det. :) Dette har vore eit outstanding teaterår!

    SvarSlett