lørdag 20. november 2010

Blackjack, baby!

Eg elskar for mykje, lengtar for mykje, saknar for mykje, tenkjer for mykje. Eg analyserer, overanalyserer, sjølvanalyserer og sjølvdiagnostiserer.

Eg kjem til å elske deg sjølv om du ikkje elskar meg tilbake, og kanskje inkorpererer eg deg i ein tekst eller to, fordi eg taklar livet ved å skrive, ikkje prate. Eg får frelse gjennom kunst, og eg synest puslespel er den beste kuren for alt.

I skrivande stund gjennomgår eg mi tredje cellefornying. Sidan sist har eg fått to fornamn i staden for eitt og møtt nokre av dei mest fantastiske menneska eg veit om, samt mista eit av dei viktigaste, som har vore del av livet mitt sidan før eg vart fødd.

I dag er eg halvvegs til ei midtlivskrise, halvparten så gammal/ung som ei av yndlingskvinnene mine (here's lookin' at you, Trykkleif), og full av undring over kva intern overgang til eit anna studium kjem til å føre med seg.

Eg har alltid følt meg moden for alderen, men sist tysdag var fyrste gong eg verkeleg følte meg vaksen.

Happy birthday to me!

10 kommentarer:

  1. Gratulerar så mykje med dagen.
    Takk for eg kan kalle deg ein venn.

    Glad i deg <3

    - Lene

    SvarSlett
  2. Gratulerer såååå mye med 21års dagen ;)

    SvarSlett
  3. Lene: Tusen takk! :D Glad i deg òg, venen. <3

    Marthe: Tusen takk, fine deg. :)

    SvarSlett
  4. Gratulerer så mye med dagen! <3

    SvarSlett
  5. Ja, tenk eg er dobbelt så gamal som deg. Du har mykje godt i vente i livet :) Klem

    SvarSlett
  6. Ja, det vert spanande å sjå korleis framtida vert. :)
    Klem

    SvarSlett
  7. Gratulerer med overstått! Håper du hadde en fin bursdag <3

    SvarSlett