søndag 3. april 2011

Eg vil (Anti-Janteloven)


Eg vil (Anti-Janteloven)

Eg vil prøve den uopptråkka stien.
Eg vil leve eit slikt liv ein skriv bøker om.
Så ta dine utdaterte ideal og kast dei i eit anna ansikt, eller aller helst: Makuler dei.

Eg vil sove i ein ørken under stjernene.
Eg vil fylgje røykjelseruta.
Eg vil hoppe ut frå eit fly og kjenne verda under meg.

Eg vil lande på begge føter med ei ny oppleving, eller stå på eitt bein og hinke, berre fordi eg følte for det.
Eg vil sitje i karnapp i fjerne byar og lytte til alle liva som utfaldar seg.
Eg vil elske.

Eg vil ha ein kjærleik som følest som fridom.
Eg vil endre ignorante, inngrodde fordommar.
Eg vil opne auga dine.

Eg vil kysse innbyggjarar frå alle kontinenta i verda.
Eg vil synke ned i varme kjelder.
Eg vil elske naturen og kjenne at naturen elskar meg tilbake.

Eg vil leve utan skam, med ein lett ryggsekk og eit fritt sinn.

11 kommentarer:

  1. Ikke for å høres dust ut (vet jeg gjør det nå), men; gjør det da for faen! Ikke bare tenk at du vil gjøre alt, du kommer ingen vei med å bare tenke på ting. jaja, superbitchy av meg å si sånt sikkert.

    SvarSlett
  2. Stå på du så kan du få te d mesta ;)

    SvarSlett
  3. Ååh, det va kuuuult! :D
    "Eg vil hoppe ut frå eit fly og kjenne verda under meg." Den setningen likte eg aller best!

    SvarSlett
  4. Hei, jeg leser bloggen din noen ganger. Vi kjenner ikke hverandre, men jeg måtte bare kommentere. Dette var nydelig. NYYDELIG! Printer ut og henger opp forran meg på tavlen.

    SvarSlett
  5. Tusen takk! Det var veldig koseleg å høyre.

    SvarSlett
  6. Go for it!
    Men du finner vel ikke Det Store Eventyret (i den fysiske verden mener jeg, ikke inne i det fascinerende hodet ditt, for der er det visst eventyr på gang 24/7 :))over pensumbøkene og bak tastaturet - dra ut og utfordre verden litt!

    SvarSlett
  7. Nei, det er det eg har innsett. Men eg tenkjer at eg kan fullføre bachelorgraden i teatervitskap fyrst (har jo berre eitt år igjen) og så smått byrje på Eventyret ved å blant anna få jobbe ved eit teater som del av bacheloroppgåva, og så finne Det Store Eventyret etterpå.

    SvarSlett
  8. Det høres ut som en fin plan :)

    SvarSlett