fredag 15. april 2011

God påske!

Å ete banan med kanel på på dei tre siste skivene du sparte til i dag.
Å lese i Hjartemagasinet medan du drikk verdas beste blåbærte som har Mark Twain-sitat på boksen, som du kjøpte i går med ei av verdas finaste veninner.
Å gråte litt.
Å høyre på Kaizers, smile og syngje med.
Å sjå over på klokka, og finne ut at det framleis er tre timar til bussen går og at du har god tid.
Å pakke laptopen ned i kofferten for å kunne ta med skrivemaskinen i handa.
Å ha litt kribling i magen etter fin kvitvinskveld.
Å skulle dra heim til foreldrekos og ein kaffimaskin som putrar og lagar kaffi du toler.
Å ha påskeferie.

5 kommentarer:

  1. Herleg med påskeferie! Her ventar eg "borna" heim i dag. Reiser nok til fjells måndag. God ferie, kos deg! Klem frå Elin Brit

    SvarSlett
  2. åh, jeg kjøpte blåbær i går, for jeg er så glad i mange av de andre. jeg rekker bare aldri å drikke de jeg åpner før de mister smak.

    SvarSlett
  3. Elin Brit: Takk likeså! Kos deg til fjells og nyt ferietida. :) Klem

    Siri: Takk for det, og ha det supert (som vanleg) i Danmark! <3

    Oda: Awh, ja, det er problemet med å ha mange tesortar i hus, men så er det så kjekt å kunne tilpasse teen til humøret.

    SvarSlett