onsdag 27. april 2011

Påskekjærleik

Påske er påskeliljer tantebarna dine plukkar i skogen, som du tar i ein vase og set på kjøkenbordet.

Påske er å vere med vener på kafé og føle at alt er som det skal vere.

Påske er å møte nye menneske og syngje karaoke.

Påske er å gå på jobbintervju og sitje og smile fordi det høyrest så utruleg kjekt ut, og når intervjuet er ferdig tar din framtidige sjef deg i handa og seier at sommarjobben er din.

Påske er å gå gjennom fotografi og papir du har samla opp gjennom heile livet og kaste og sortere, men den litle rosa veska med blomane på som du hadde som lita, den klarer du ikkje gi bort eller kaste, og du tenkjer at kanskje vil niesa di låne ho neste gong ho kjem på besøk.

Påske er å sjå nevøen din strekkje opp armane sine fordi han vil du skal halde han, ut av alle vil han at det skal vere deg, og hjartet ditt smeltar.

Påske er å feire mormora di sin 76-årsdag og gråte og le på same tid.

Påske er å dra til der faren din vaks opp, plante blomar på grava til slektningar du aldri møtte og slektningar du hadde nokre få år i lag med, og ete ei appelsin på kaien og snakke om fjernsynsseriar med ei god veninne.

Påske er kjærleik og natur som vert levande igjen.

16 kommentarer:

  1. fiiiint <3

    hvilken jobb er/var dette?

    SvarSlett
  2. Sommarjobb på Dokken museum i Haugesund, guide/vedlikehald++. Dei har om Haugesund si historie frå 1850-1950 og museet består av ti hus som har stått der dei står no i 150 år. <3

    SvarSlett
  3. Stilig! Høres koselig ut.

    SvarSlett
  4. Takk, I think so too. :)
    Dei skal ha hatteutstilling frå sommaren av!

    SvarSlett
  5. Gratulerer med fin sommerjobb!
    Mmm, deilig post du har skrevet :)

    SvarSlett
  6. Gratulerer så mye! Det er rett ved der jeg bodde før om du skal på Hasseløy? :D
    Virker som du har hatt en deilig påske! <3

    SvarSlett
  7. Takk! Hasseløy, ja. :)
    Ja, det har vore ein fin ferie, men den pensumlesinga eg skulle ta meg tid til, derimot... :P

    SvarSlett
  8. aw, fint. enig. påske er familie, roughly translated.

    SvarSlett
  9. Nåw, hørres ut som ein veldig fin påske. :)

    E Hasseløyo og Bakarøyno den samma øyno? :P

    SvarSlett
  10. Åh, finfinfint! Likar det veldig.

    SvarSlett
  11. Ane: Og vener. <3

    Hilður: Var det. :)
    Ja, det er den same øya. :P

    Johanne: Tusen takk!

    SvarSlett
  12. Ja, det var kjempe kos *saknar*

    SvarSlett
  13. Så mye hyggelig! Fint å se at du koste deg i påsken!

    SvarSlett