tirsdag 17. mai 2011

Du

Hovudet mitt har falt av, alt eg kjenner er adrenalin og endorfiner og eg føler blikket ditt på meg, der du står på andre sida av gata og er så totalt uoppnåeleg og jordnær på same tid. Eg vil strekkje ut armen min. Hjartet mitt nærmar seg brestepunktet, det pressar og vil eksplodere, bryte ut av skalet slik at eg kan tørre å kysse deg. Fordi det er det einaste eg ynskjar, der du står på andre sida av gata og ser så ufatteleg fin ut, så fin at eg vil ta ansiktet ditt mellom hendene mine og kysse deg, dra fingrane gjennom håret ditt, slik som dei alltid gjer på film. Eg veit at livet ikkje er slik, men i blant har ein slike augeblikk som gjer at ein byrjar tvile, art imitating life imitating art, som då han spanderte middag på meg og kyssa meg på kinnet, sa eg var så lik han, hadde aldri møtt nokon som var så lik han sjølv før.

Eg vil stå så nær deg at pusten din vert pusten min. Så nær at eg ikkje lenger ser deg tydeleg, kan berre føle deg. Sjå sollyset gjennom greinene og høyre deg oppsummere meg med tre ord.



(Og så er det så frykteleg vanskeleg å skrive eksamen når hjartet er fullt av tårer.)

5 kommentarer:

  1. (Av og til er faktisk livet akkurat som på film, jeg har hatt mange sånne øyeblikk den siste måneden. Alt man kan gjøre er å håpe på flere.)

    SvarSlett
  2. (Ja, I know, eg har hatt mange slike eg òg, det er berre litt for lenge sidan.)

    SvarSlett
  3. Mm, disse mennene har en tendens til å fucke opp all indre kontroll, spesielt når de sier at de aldri har møtt noen som deg. Fuck'em. <3

    SvarSlett
  4. Åh, flotte fyrer i dress kan være en prøvelse på dager som disse. Fint skrevet! Gratulerer med gårsdagen og lykke til med eksamen!

    SvarSlett
  5. Ane: Indeed...

    Synne: Mmm, så sant, så sant.
    Takk for det. :)

    SvarSlett