Den kjensla av å stå på kjøkenet og lage mat, å ha huset heilt for seg sjølv medan ein film snurrar og går på fjernsynet og ete dei beste steikte potetbitane du har smakt på lenge, og i staden for å stoppe opp og tenkje at det hadde vore fint med ein mann som kyssar deg i nakken medan du passar på at grønsakene ikkje vert kokt for lenge, så føler du deg lukkeleg. Glad og lukkeleg og tilfreds fordi det er slik det skal vere akkurat no. Og så har du jordbær med soyamjølk til dessert og vert ferdig med filmen som ikkje var spesielt bra, men fin likevel, ein slik film som får det til å krible og gjere litt vondt på same tid.
Tenk så fint å trivst i eige selskap!
Eget selskap er fint.
SvarSlettJa. :)
SvarSlettmmmm, jordbær! Eget selskap og huset for seg selv kan være riktig fint :)
SvarSlettJa, ein treng slike pustepausar i blant. :)
SvarSlett