onsdag 4. mai 2011

Vårregn

Eg vil så gjerne kjenne deg, du som går der med hendene i lomma og blikket mot bakken. Du har på ei lys jakke som vert stadig mørkare ettersom himmelen gret og eg lurer på kva du gjer her ute, om du saknar nokon. Du går opp gata mot kyrkjegarden og eg fylgjer etter, veit ikkje om du har lagt merke til meg. Eg vil ikkje skremme deg, prøver ikkje vere vanskeleg, vere ein av dei gamle mennene som fylgjer etter unge jenter som nettopp har vorte vaksne, eg vil berre kjenne deg. Vite kva håret ditt luktar og om du har mjølk i kaffien.

Så eg går etter, lette steg, med ei avis under armen som held på å gå i oppløysing medan du vandrar blant gravene. Du verkar usikker, som om du ikkje har vore her på lenge og ikkje lenger hugsar kvar grava til den du ein gong elska - framleis elskar - er. Men så set du deg ned. Du set deg ned på kne framfor ei gravstøtte med mose på og byrjar å hikste og riste medan vatn siv inn i skjørtet ditt, skoa dine, knestrømpene dine med sløyfer på toppen. Du sit med hendene planta i jorda for å ikkje falle over og eg vil halde rundt deg, vere ein slik fin ein, ein slik fin framand som gjer noko så nært og menneskeleg som å vere der for ein annan. Men i staden for går eg bort, legg dressjakka mi over skuldrene dine før eg raskt returnerer til kvardagen, som om ingenting har hendt. Og kanskje sit du der framleis, med dressjakka mi over skuldrene dine medan du klamrar deg fast til jorda og leikar med meitemarkane som hjelper blomane med å vekse.

6 kommentarer:

  1. Birte, du må aldri slette bloggen din. Dette er verdens fineste arkiv med de fineste og vondeste tekster. <3

    SvarSlett
  2. ai, du er flink til å treffe midt i hjerterøttene. Nydelig, men så trist..

    SvarSlett