lørdag 4. juni 2011

Avskjedsbrev til ein kafé

Når eit nytt etablissement startar opp, har dei mål dei ynskjer å nå. Om det er ein butikk, eit hotell eller, ja, ein kafé, vil dei verke innbydande og gjerne heimlege og koselege. Fyrste gong eg gjekk opp dei få trappestega og inn i Café Moody var eg 16 år og klar for nye inntrykk, og ikkje misforstå, Moody har introdusert meg for mykje nytt, men meir enn noko anna føltest det fyrste kafébesøket som å kome heim. Det var ein ro og ein tryggleik i å sitje på Fretexmøbla og teste ut nye sitjeplassar kvar gong, med ei notatbok på fanget og rykande fersk middag på bordet.

Moody har gått gjennom endringar i løpet av åra, men kafeen har likevel lukkast i å halde på den trygge, varme stemninga. Kanskje det er fordi staben er vener med kvarandre og gjestene, eller fordi me kan kome med musikkynskje og plutseleg høyre yndlingssongen vår over anlegget. Kanskje det er fordi maten er heimelaga eller fordi teen ikkje kjem i posar. Mogleg det er fordi kunstnarar frå fjern og nær har kunne boltre seg på veggane deira og hatt konsertar som har fått heile lokalet til å danse. Mest av alt trur eg det er fordi Moody var staden ein alltid kunne finne ein ven å gråte og le saman med, då helst begge deler på same tid.

Café Moody har vore heimen heimafrå, og Haugesund vert aldri den same utan fargeflekken i Strandgata.

Takk for kjærleiken. Takk for dansen. Takk for alt.

Mvh.
Birte Valkyrje
- kafégjengar

P.S. Kunstnarar og andre småeksentriske og godhjerta menneske søker kafé i Haugesundsområdet med bra vinutval og gode middagar. Me er svoltne.






11 kommentarer:

  1. R.I.P Moody, det var en fin cafè!

    SvarSlett
  2. KOR SKA ME GÅ PÅ KAFÉ I HAUGESUND NÅ?!?! HÆ? :(
    Sjokoletta får vel ein god del av Moody-gjestene nå. Men dei har ikkje åpent om kveldane. :/

    SvarSlett
  3. I HAVE NO IDEA! It's truly the end of an era. Det bør kome noko nytt og Moodyaktig i det bygget der eller ein annan stad i sentrum, fordi utan det har eg ingen stad å vere i Haugesund. Finst fleire greie stader å ta seg ein matbit, men ein har ikkje lyst til å sitje der i fleire timar slik som på Moody.

    SvarSlett
  4. Sjokoletta er visst for salg...etter hva jeg så på fb-siden deres, så det spørs hvor lenge den holder stand :s Kanskje du skal starte cafè for kunstnersjeler, birte? ;)

    SvarSlett
  5. Eg har veldig lyst til å ha ein eigen kafé, men eg hadde ikkje tenkt å ha det i så ung alder. Me får sjå kva framtida har å by på.

    SvarSlett
  6. *ahem* VI skal ha kafé sammen! Men yeh, det er litt tidlig.

    SvarSlett
  7. Yeah, that's a given! <3 Og ja, eg tenkjer heller det vert når me er i slutten av trettiåra or something.

    SvarSlett
  8. Fint innlegg. :) Kult at det kom i aviso o! :p

    SvarSlett
  9. One day you'll find a new Moody :)

    -Silje Odessverre

    SvarSlett
  10. Hilður: Takktakk!

    Silje: Satsar på det. :)

    SvarSlett