fredag 15. juli 2011

Det fine med å jobbe på museum

Kvart år har eg hatt ein ny sommarjobb. Kvart år har eg forsøkt nye ting, lært mykje (noko av det har eg nok gløymt igjen òg) og vorte del av nye samfunn, små gruppe med menneske som har funne det dei helst vil jobbe med og det dei er best til. Eg har hatt legitimasjonskort og pinkodar, eg har kunne PLU-ar og forskjellen på symbola for dei ulike ventilane og andre fancy konstruksjonar inne på Statoilanlegget på Kårstø, men meir enn noko anna har eg kunne studert menneske (som er ein ganske vesentleg og fin ting å gjere når det ein aller mest vil i livet er å skrive).

Det fine med å jobbe på museum er at ingen er stressa, ingen er i dårleg humør og ingen er sinte fordi bilen ikkje ville starte, eller fordi ungane står og masar på dei, eller fordi butikken ikkje hadde den varen dei trong så inderleg til akkurat den retten som dei skulle lage akkurat den dagen til akkurat den gjesten.

På museet får me dei som har ferie, eller dei som vil bruke ein tilfeldig fridag til å få med seg litt lokalhistorie og kanskje ete ein is når omvisinga er over. På museet får me besøk frå heile verda og alle desse er kjempeinteresserte i det me har å seie, fordi for dei er Haugesund med sildesaltinga og havet og nordavinden eigentleg ganske eksotisk, og så ler dei litt av oss som er så sta at me vil bu her og me ler litt av oss sjølv òg.

Det fine med å jobbe på museum er at me får besøk av dei ektepara som har vore saman i over seksti år, dei som framleis held hender og der kona lener seg inntil mannen eller stryk han over ryggen og armane, og der mannen stråler som ein stolt gutunge når han tar bilete av ho som er hans og berre hans.

Det fine med å jobbe på museum er at dagen er full av takksemd og glede, og noko av det fyrste eg ser når eg kjem på jobb er gamle hattar og pensjonerte trebåtar.

Det fine med å jobbe på museum er at me får formidle historia om korleis det var utan å verte lei, fordi alle gjester er forskjellige og dermed vert kvar omvising forskjellig, sjølv om informasjonen er den same.

Så om eg får lov vil eg gjerne få oppmuntre alle som kan og vil til å ta eit (eller fleire) museumsbesøk i sommar, fordi me treng at folk kjem og besøker oss og de er meir enn velkomne.

6 kommentarer:

  1. Åh, eg ska komma på besøk ein dag, gleda meg te å få guida tur! :D Flott skreve, forresten, eg e så glad for at du endelig fant deg ein jobb som du virkelig lika! :D

    SvarSlett
  2. Det fine med mennesker som liker sommerjobben sin er at de får sånne som ikke gjør det til å drømme seg vekk i bloggen sin. <3

    -Angie
    (Må poste under anonym slik at ingen tracker dette til fremtiden)..

    SvarSlett
  3. Hilður: Takk! Gler meg til du kjem på besøk. :D

    Angie: Awh, happy to help..? <3

    SvarSlett
  4. Det verkar som du trivast bra i sommarjobben, ingenting som er betre enn det :)

    SvarSlett
  5. Og så jobber du med fine folk :p (må jo nevne det, når du først har havnet på jobb med slekta mi, hehe!) Men ja, Dokken er kjempekoselig - særlig på dager med solblank sjø :)

    SvarSlett
  6. Lene: Ja, eg gjer det. :) Einaste er at det vert litt lite fri.

    Katrine: Ikkje minst! :P

    SvarSlett