fredag 9. desember 2011

Gråtedag


Dette er biletet som møter meg når eg står opp om dagane, før eg opnar laptoplokket og et eit par brødskiver med avocado på og drikk appelsinjuice frå det eine lilla glaset eg kjøpte på Kremmerhuset tidlegare dette semesteret medan Nøve framleis var i Noreg og det verka lenge til jul.

I dag er det 15 dagar til julafta og eg byrja dagen med å gråte framfor naboen min fordi eg trur me er nokre emosjonelle vrak begge to, og ho seier ho ikkje speler musikk så høgt, men ho gjer jo tydelegvis det, men samtidig vil ikkje eg vere grunnen til at ho ber om flytting til eit anna SiB-bygg. Eigentleg trur eg det er det litle rommet i mellom oss sin feil, at det er ein annan og dårlegare isolasjon der enn mellom dei andre leilegheitane. I don't know. Eg veit berre at eg høyrer bass gjennom veggen og det gir veldig mange vonde assosiasjonar til barndommen min og det er som alle dei andre smålydane som stikk knivar i hjernen min, og så får eg vondt i hovudet samtidig som eg sit med øyreproppar tilkopla til dataen fordi det er den beste måten å stengje dei andre lydane ute på. Og med all denne emosjonelle energien som går ut av meg og vert ingenting og alle tårene og hovudverka og magesmertene, så vert det frykteleg vanskeleg å lese til den siste eksamenen som eg skal ha på tysdag (som er munnleg = verst). Spesielt når det framleis følest litt som august (eller i alle fall september), at Nøve framleis er her og me kan sjå Harry Potter om igjen på kino og eg har framleis fleire månader på meg til eksamensperioden byrjar.

12 kommentarer:

  1. Stolt av deg for at du endelig sa i fra! Hjelper det ikke, så har du i hvert fall prøvd. <3

    SvarSlett
  2. Eg har sagt i frå fleire gonger, det har ikkje hatt særleg effekt. Men takk likevel. <3

    SvarSlett
  3. <3

    Guæh føler jeg er en hel verden borte og at August var i et annet liv. Men jeg er trøtt akkurat nå, og to verdener er litt for mye å tenke på på en gang av og til.

    Uansett, glad i deg, håper det går bra og at du får en fin jul!

    SvarSlett
  4. Awh, ja. <3

    Glad i deg òg! Og takk. :) Når drar foreldra dine? Eg lurer på om eg berre skal sende gåva i posten til den norske adressa di og så kan dei ta ho med til Japan.

    SvarSlett
  5. De drar den 19. :) Aw, det kan du gjøre hvis du vil. <3

    SvarSlett
  6. Han er pakka inn i gråpapir med adressa di på, tenkjer eg tar ein tur nedom postkontoret i morgon og sender han i lag med dei fire andre eg har gjort klar. :) (Har eigentleg ein sjette som skal med posten, men siste del av den gåva har eg ikkje mottatt enno.)

    SvarSlett
  7. Du bor ikke tilfeldigvis på hybel 202? For der bodde jeg...og bass blir fanget inne i hulrommet i betongveggen og går frem og tilbake inni der til en blir helt tussete. Brannsikkert, javel - men ikke godt for sjelefreden. Spør henne pent om hun kan ha høyttaleren/subwoofen langs en annen vegg, fortrinnsvis satt på spikes. Det hjalp litt i fighten mellom meg og Counterstrike-spilleren jeg hadde som nabo (hurra for gamere som spiller kl 3 om natta..) Hold ut :)

    SvarSlett
  8. Nei, eg bur i 315, men det er mogleg det er noko av det same problemet, ja. Takk. :)

    SvarSlett
  9. (Trudde eg hadde kommentert)

    *Klemmeforalltid* <3

    SvarSlett
  10. *heldrundtforalltid* Laurdag vert bra. <3

    SvarSlett